bul

Songlaget

Brit Karin Wetteland

Brit Karin Wetteland

Foto: Blunderbuss

Foto: Blunderbuss

Brit Karin er utdanna dirigent med hovufag i korleiing frå Norges musikkhøgskole i 2004. Før dette studerte ho kyrkjemusikk ved Høgskolen i Stavanger (1997-2001), og folkemusikk ved Raulandsakademiet i Telemark (2001/2002). Dei siste åra har ho arbeidd som freelance dirigent i Oslo.

Ho er oppteken av den norske folkemusikken, og korleis ein kan integrera eit genuint folkeleg uttrykk i kor. Ho arrangerer gjerne musikken sjølv, og let ofte koret samarbeida tett med musikarar om å finna vegen mellom improvisasjon og tradisjon.

Brit Karin har også undervist i korleiing ved Høgskolen i Staffeldtsgate og vore tilsett som kantor i Gamlebyen kirke ein periode. Frå januar 2010 er ho tilsett som domkantor i Tønsberg, der ho er dirigent for Tønsberg Domkor og Tønsberg Domkirkes Jentekor. Ved sida av dette studerer ho komposisjon ved Norges Musikkhøgskole og Feldenkraispedagogikk i Italia. Brit Karin er óg utdanna Kommunikolog.

Foto: Blunderbuss

Brit Karin Wetteland har vore tilsett som dirigent for Songlaget i BUL i Oslo sidan 2003.