bul

Songlaget

detalj_4

detalj_4

Telemarksavisa om Solbøn på Dyre Vaa Samlingane på Rauland: "Songlaget i Bondeungdomslaget i Oslo under leiing av Brit Karin Wetteland, viste seg å vera eit kvalitetskor som heldt publikum på strak arm i ein generøs time."

Songlaget vart oppretta i 1914 og har sidan markert seg som eitt av dei mest aktive amatørkor her i landet. Gjennom alle år har koret hatt det som si viktigaste målsetjing å ta vare på norske song- og musikktradisjonar. Saman med dirigent Brit Karin Wetteland har Songlaget dei siste åra vigd mykje tid til den norske folkemusikken, og koret har søkt å tileigna seg dei stiltrekk og den syngemåte som særpregar den tradisjonelle norske folkesongen. På same måte som folkemusikken er vidareført frå generasjon til generasjon ved munnleg overlevering, har koret i stor grad tileigna seg desse melodiane gjennom lytting. Det er lagt vekt på at kvar enkelt songar finn sin eigen individuelle måte å gjera til dømes krulling og andre ornament, noko som er med på å gje meir liv til klangbiletet samstundes som det tek i vare det folkelege uttrykket i melodiane.

Kontakt Songlaget på songlaget@gmail.com

Oppland Arbeiderblad om Solbøn i Slidredomen: "... og som konserten skred fram merket vi oss den tette klangen, presisjonen, de solide bassrøstene som dirret dypt nede et sted og ikke minst noen riktig spennende, eksperimentelle arrangementer til et gammelt, tradisjonsrikt stoff... Det var vakkert, det var mektig."