bul

Songlaget

detalj_4

detalj_4

Songlaget vart oppretta i 1914 og har sidan markert seg som eit aktivt amatørkor. Gjennom alle år har koret hatt det som si viktigaste målsetjing å ta vare på norske song- og musikktradisjonar. Særleg dei siste ti åra har Songlaget vigd mykje tid til den norske folkemusikken, og koret har søkt å tileigna seg stiltrekka og den syngjemåten som særpregar den tradisjonelle norske folkesongen. På same måte som folkemusikken er vidareført frå generasjon til generasjon ved munnleg overlevering, har koret i stor grad tileigna seg desse melodiane gjennom lytting. Det er lagt vekt på at kvar enkelt songar finn sin eigen individuelle måte å gjera til dømes krulling og andre ornament, noko som er med på å gje meir liv til klangbiletet samstundes som det tek i vare det folkelege uttrykket i melodiane. På musikkutgjevingane "Solbøn" og "Jul" kan du høyre døme på repertoaret vårt.

Songlaget vert 100 år i 2014. Koret held no fram med førebuingar fram mot dette store jubileet og planlegg ei storslagen feiring. Jubileumsåret vert innvia med julekonsert i Akershus slottskyrkje 8. desember 2013. I mars 2014 held Songlaget konsert og samling med tidlegare songarar og dirigentar, i mai vert det feiring av 17. mai og i juli er Songlaget ein del av kulturfestivalen «Olsok-dagane» på Stiklestad. Ein storslagen jubileumskonsert vert halden den 6. desember 2014 – på sjølvaste 100-årsdagen til Songlaget.

I jubileumsåret vil Songlaget syne fram norsk folkemusikk og musikktradisjonar på eigne konsertar. Koret vil òg samarbeide med Heidi Gjermundsen Broch kring Prøysen, med deltaking under «Blåklokkevikua» og Gjermund Larsen vil skrive ny musikk som koret vil framføre under jubileumskonserten.

Kontakt Songlaget på songlaget@gmail.com eller dirigent Espen Myklebust Olsen på telefon 452 81 607 om du har lyst til å vere med i koret. Vi har øvingar på torsdagar kl. 19.30-22.00 i Teatersalen i Rosenkrantz’ gate 8, midt i Oslo sentrum. Koret ynskjer nye songarar innanfor alle stemmegrupper velkomne!

 

Oppland Arbeiderblad om Solbøn i Slidredomen: "... og som konserten skred fram merket vi oss den tette klangen, presisjonen, de solide bassrøstene som dirret dypt nede et sted og ikke minst noen riktig spennende, eksperimentelle arrangementer til et gammelt, tradisjonsrikt stoff... Det var vakkert, det var mektig."