Songlaget sin nye CD vart presentert på to fullsette julekonsertar 6. desember 2009 i Gamle Aker kyrkje og lageret er snart tomt. Nytt opplag kjem i god tid før neste jul!
Kvart år i desember framfører Songlaget sine tradisjonsrike julekonsertar, der kjende og kjære julesongar frå vår nordiske tradisjon har fast plass på programmet. På plata JUL har me valt å presentera nokre av dei, og freista farga dei så enkelt og sjølvsagt som me synest dei fortenar. På plata medverkar og Sigrun Eng på cello. Dirigent er Brit Karin Wetteland og produsent er Lars Kåre Hustoft for Crystal Air Music.
Plata kan tingast hjå medlemmene i Songlaget. Ho skal og vera tilgjengeleg på iTunes og andre platebutikkar.