Amatørteatret til Bondeungdomslaget i Oslo.
Hei!
Velkomen til Teaterlaget!
Teaterlaget er ei teatergruppe i BUL i Oslo.
Vi er ein gjeng på ca. 15 amatørskodespelarar i alderen 20-60 som møtest kvar måndag for å arbeide fram teaterproduksjonar. Vi har ei til to oppsetjingar i året. Ei før jul og ei på våren.
Vi nyttar oss av profesjonelle instruktørar som blir henta inn for kvar individuelle produksjon.
Historia til Teaterlaget
Grunnlaget var ein flokk på 13 amatørskodespelarar frå ulike delar av landet som Hulda Garborg samla rundt seg frå hausten 1910. Dei kalla seg Det Norske Spellaget, og dei reiste rundt og spela skodespel på landsmål. 23. november 1914 vart Spellaget i Bondeungdomslaget stifta.