Bli med i BUL
For å vere med på aktivitetane i BUL sine særlag, Idrottslaget, Leikarringen, Songlaget eller Teaterlaget, må du melde deg inn i Bondeungdomslaget i Oslo. Du kan også vere medlem utan å vere med i ein spesiell aktivitet. Då er du berre medlem av hovudlaget.
Medlemskap:
Eit medlemskap gjeld frå 1. januar kvart år (ev. frå innmelding). Når du melder deg inn i Bondeungdomslaget i Oslo, blir du også medlem i Fylkesmållaget Vikværingen, Bygdelagssamskipnaden, Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag.
Songlaget: For å bli med i Songlaget kan du sende ein e-post til [email protected] for å avtale prøvesong, eller du kan kome innom ei øving (torsdagar kl 19.00–21.30 i Rosenkrantz’ gate 8).
Teaterlaget: For å bli med i Teaterlaget kan du sende ein e-post til [email protected] for å kome i kontakt. Dei øver måndagar kl. 18.00 i Rosenkrantz’ gate 8.
Leikarringen: For å bli med i Leikarringen er det berre å melde seg inn i BUL og deretter møte opp på øving (tysdagar 19.30–21.30 i Rosenkrantz’ gate 8). Du kan også bli med på enkeltøvingar og betale kr. 50. E-post-adressa er [email protected].
Idrottslaget:
- Under 15 år: Det er stor pågang på friidrett for barn. Meld deg inn i BUL for å stå på venteliste. Då får du beskjed når det er fråfall i gruppa. Sjå https://www.bul.no/idrottslaget/friidrett/barn/ for meir informasjon om grupper og tider.
- Over 15 år: Sjå https://www.bul.no/idrottslaget/friidrett/vaksne/ for oversikt over gruppene. Meld deg inn i BUL og send gjerne ein e-post til [email protected], slik at du kan bli sett i kontakt med den aktuelle trenaren og avtale ev. prøvetrening.
Medlemsfordelar:
- Kaffistova i Rosenkrantz’ gate 8: 10 %
- Heimen Husfliden i Arbeidergata og GlasMagasinet på Stortorget, på hyllevarer: 10 %
- Bondeheimen i Oslo: 15 %
- Det Norske Teatret: 20 %
- Oslo Sportslager: 20 % på alle piggsko og løpesko
15 % på alle ordinære/svarte prisar i heile butikken (gjeld ikkje syklar og klubbtøy).
Klubbtøy etter gjeldande avtale. Sjå Idrottslaget si fordelsside. - Bondeungdomslaget har to hytter som medlemer kan leige til gode prisar. Gå til Røkleivhytta eller Bondehytta for meir info.
Medlemskontingent
Våre kontingentprisar varierer etter aktivitet og alder. Under ser du kva du må betale for eitt års medlemskap i eit av særlaga. Desse prisane er inkl. medlemskap i hovudlaget (obligatorisk). Satsar for å berre vere medlem av hovudlaget finn du også under.
Medlemskontingen særlag:
- Idrottslaget: frå 450 til 950 kroner per år (treningsavgift to gonger i året kjem i tillegg til medlemsavgifta)
- Leikarringen: frå 450 til 950 kroner per år | BULder og Brak (hallingdans for barn): 600 kroner per år. Nye medlemmer meldt inn etter 1. juli betaler berre til hovudlaget (sjå pris under).
- Songlaget: frå 1700 til 2050 kroner per år (student frå 300 til 650)
- Teaterlaget: frå 500 til 850 kroner per år
Medlemskontingen hovudlaget:
Vaksen: 650 kroner per år
Ungdom (15–26 år): 300
Barn (t.o.m. 14 år): 0
Barn t.o.m. 14 år som berre er med i hovudlaget: 100
Honnørmedlem: 300 (på førespurnad)
Nye medlemmer meldt inn etter 1. juli: 350
Faktura for medlemsavgift blir sendt på e-post (eller i Posten) ein gong per år frå hovudlaget i BUL i januar eller ved innmelding. Medlemsavgifta skal betalast til konto 7874 42 01283. NB: Hugs KID på faktura. Når medlemspengane er betalte, kan du finne medlemskortet ditt på appen Gnist.
Spørsmål om medlemsavgift kan rettast til [email protected].
Treningsavgift til Idrottslaget
Treningsavgift kjem i tillegg til medlemskontingenten for medlemer i IL. Den blir fakturert frå Idrottslaget i BUL to gonger i året per e-post og skal betalast til konto 8101 07 04510.
Spørsmål om treningsavgift kan rettast til [email protected].
Treningsavgifta går til drifta av gruppene: trenarar, startkontingent, lokaleleige osv. Ein kan ikkje trene utan at medlemsavgifta og treningsavgifta er betalt.
Prisar på treningsavgift:
- 5-10 år: 700 kroner per halvår
- 11-14 år: 850 kroner per halvår
- 15 år og eldre: 950 kroner per halvår