Trenarane som tar dykk imot på treningane.

Idrottslaget i BUL er ein av Noregs mest tradisjonsrike klubbar for personar med utviklingshemjing og var det første fullintegrerte i sitt slag i eit idrettslag i Noreg. Frå før av har gruppa tilbod om handball og fotball for personar frå 16 år og oppover. Vi ønskjer no å gi menneske i alderen 8–15 eit treningstilbod også.

Gruppa for tilrettelagt idrett i BUL ønskjer no nye medlemmer velkomne til eit nytt tilbod for barn og unge (8–15 år) med fokus på leik, utprøving av aktivitetar og idrettar i trygge rammer.

Vi startar opp onsdag 9. september kl. 17.00 ved Kuben VGS. Treningane finn stad i ein av deira gymsalar, Bikuben. Der blir de møtt av tre trenarar med idrettsfagleg bakgrunn og erfaring innan tilrettelagt trening. På bilete er trenarane som tar dykk imot på treningane.

Tid: Onsdagar kl. 17.00–18.00

StadKuben VGS, Kabelgata 10, 0580 Oslo

KorI Bikuben (ein av gymsalane på skulen)

OppstartsdatoOnsdag 9. september

For kvenBarn og unge mellom 8 og 15 år med behov for tilrettelagt trening

For meir informasjon og påmelding, kan du ta kontakt med leiar for gruppa, Kjetil Myklebust på e-post: [email protected]

Asics Logo