Løpegruppe: langdistanse

Fellesøkter måndagar og torsdagar på Bislett (eller på Sognsvann, sommarhalvåret).

Medlemmene har variert alder, kjønn og nivå. Opent for alle: både dei som vil trene og dei som vil løpe konkurransar. Distansane er 5 km og oppover.

Viss du er interessert i å bli med, kan du senda ein e-post til [email protected] og vi kan sette deg i kontakt med Hassan for meir informasjon og prøvetime.

Trenar: Hassan Bouka

Han har vore med som første hjelpetrenar og også som hovudtrenar for gruppa. Gruppa har berre vakse for kvart år og dei fleste har løpt raskare og raskare.

Hassan har både A- og B-trenarkurs frå HiO og har vore trenar i minst 10 år til saman. Dei seks siste åra i BUL der han har oppnådd gode resultat med fleire av utøvarane. Sjølv var han ein habil løpar på mellom- og langdistanse på nittitalet og løp blant anna mange år for BUL. Hassan blir sett på som ein god pedagog og motivator og får ofte tilbakemeldingar om at han er samlande og miljøbyggande. Han har erfaring som trenar både frå fotball, spinning og bedriftsidrettslag.

Asics Logo