Dei trudde at dei berre skulle bevisa at Stillehavsøyene kunne ha blitt befolka av menneske som kom sjøvegen frå aust. Der tok dei skammeleg feil – dei opplevde meir enn dei hadde rekna med. Mykje meir. Endeleg kan me avsløra historia om kva som hende midtvegs på Thor Heyerdahls flåteferd.

Historia som til no har vore ukjend for ålmenta skal endeleg forteljast. Teaterpublikumet skal få sjå med eigne auge kva som skjedde då balsaflåten Kon-Tiki dreiv av, forsvann inn i tåka og støytte på ei vulkanøy. Følg Heyerdahl og dei andre flåtefararane inn i det grøne helvetet der kjempeinsekt og skrekkøgler utgjer ein konstant trussel, der spanske konkvistadorar framleis lever og Amelia Earhart er glad for å få besøk etter elleve år åleine.

Ei historie om vitelyst, lagånd og omfattande peiking. Det stemmer, peiking. Som i å peika.

Korleis kan menneske leva i hundrevis av år utan å bli synleg eldre? Korleis kan ein overlista ein tyrannosaurus rex? Og kor svikefull var eigentleg Herman Watzinger? Alt dette og meir får du svaret på i Teaterlaget i BUL Oslo si framsyning: Kon-Tiki 2: Thor Heyerdahl i landet under havet! Songar kan førekoma.

Teaterlaget i BUL saman med manusforfattar og instruktør Knut Nærum

Teaterlaget i BUL med instruktør Knut Nærum. Foto: Inger Johanne Ruset/Noregs Ungdomslag

Regi og manus: Knut Nærum.

Framsyninga blir spelt av to ulike sett. Under finn du ei oversikt over kven og kva for eit sett som spelar på dei ulike framsyningane.

Framsyningar

Laurdag 30. mai kl. 15:00 – Sett 1 og kl. 19:00 – Sett 2
Sundag 31. mai kl. 19:00 – Sett 1
Måndag 1. juni kl. 15:00 – Sett 2 og 19:00 – Sett 1
Onsdag 3. juni kl. 19:00 – Sett 2
Torsdag 4. juni kl. 19:00 – Sett 1
Fredag 5. juni kl. 19:00 – Sett 2

Billettar

Vaksne: 180 kroner
Barn/student/honnør: 100 kroner
BUL- medlem: 100 kroner

Stad:
Teatersalen, Nynorskens hus
Rosenkrantz gt 8, Oslo

I rollene Sett 1

Bengt Danielson – Kjell Åsmund Sunde

Knut Haugland – Heidrun Sølna Øverby

Torstein Raaby – Lena Reksnes Sanne

Erik Hesselberg – Fredrik Elfstrand

 

Herman Watzinger – Maria Ellingsen Austbø

Thor Heyerdahl – Mari Elise Haugen

Amelia Earhart – Anita Topnesvåg Wergeland-Jenssen

Kaptein Peligroso – Henri Aasen

 

Spaniol m.fl. – Endre Isachsen Flatmo

Spaniol m.fl. – Stine Fanny Berg

Spaniol m.fl. – Kari Aniksdal

Spaniol m.fl. – Torill Born

Spaniol m.fl. – Siri Aamodt

Pia Berge

 

I rollene Sett 2

Bengt Danielson – Amalie Dalaker

Knut Haugland – Anne Cathrine Johansen

Torstein Raaby – Heidi Gunhildberget Einarsrud

Erik Hesselberg – Emil Bech Stenstad

 

Herman Watzinger – Håvard Thorsby

Thor Heyerdahl – Aila Eckhoff Sinober

Amelia Earhart – Silje Dahl

Kaptein Peligroso – Vivian Brattsti Sørensen

 

Spaniol m.fl. – Endre Isachsen Flatmo

Spaniol m.fl. – Stine Fanny Berg

Spaniol m.fl. – Kari Aniksdal

Spaniol m.fl. – Torill Born

Spaniol m.fl. – Siri Aamodt

Pia Berge