Bli med i Songlaget

Likar du å syngje? Kanskje du har lyst til å syngje saman med oss i Songlaget i BUL?

Vi søkjer no etter nye songarar, og særleg om du syng tenor eller bass.

Det er ikkje ein føresetnad at du les notar, men sjølvsagt ein fordel.

Har du lyst til å høyre og sjå oss på ei øving, er det berre å kome innom i Teatersalen i Rosenkrantzgate 8, eller send ein e-post til [email protected].

Vi øver kvar torsdag frå kl 19.00 til 21.30.

Vi ser fram til å høyre frå deg!