Lastar Hendingar

« All Events

  • Dette arrangementet er ferdig.

Digital juleavslutning med Leikarringen for alle grupper

15. desember, 2020 kl. 19:3020:30

Leikarringen i BUL Oslo inviterer til digital juleavslutning tysdag 15. desember kl. 19:30 og håpar å sjå deg på skjermen!
PS: meld deg på her for å få tilsend lenke til hendinga: https://forms.gle/JcfYfNk4LtqMnVUh9.
Grunna koronarestriksjonar samlast vi digitalt denne gongen for å sjå fram til nytt år. Det blir garantert julestemning med tradisjonell juleforteljing og quiz, og kanskje ei og anna overrasking.
Hugs å ordne med rikelig med julestemning i heimen (levande ljos, pepperkaker, gløgg, graut, marsipan, adventspynt osb).
Har du noko du ynskjer å bidra med på avslutninga som t.d. ein digital leik eller eit kulturelt innslag? Send oss gjerne ei melding her på Facebook eller ta kontakt med styret ([email protected]).
Tid: Tysdag 15. desember kl. 19:30
Stad: Samlinga skjer på Zoom og lenke vert tilsendt til dei som melder seg på via denne lenka eller som sender oss ei melding på Facebooksida vår eller til [email protected]. Vi tek i mot påmeldingar heilt fram til avslutninga tek til. Meld deg på her: https://forms.gle/JcfYfNk4LtqMnVUh9.
Vi gler oss til å sjå deg!

Detaljar

Dato
15. desember, 2020
Tid:
19:30 – 20:30
Kategoriar:
,

Detaljar

Dato
15. desember, 2020
Tid:
19:30 – 20:30
Kategoriar:
,