Forretningar

Bøndenes Hus AS er eigedoms- og morselskapet for forretningsdrifta til Bondeungdomslaget i Oslo (BUL).

Etter §3 i vedtektene skal selskapet: «.. tryggja økonomien og fremja føremålet til Bondeungdomslaget i Oslo, i drifta av sin eigedom eller lokale til rimeleg leie, og gjennom eige av annan fast eigedom eller partar, aksjar o.l. å verna om laget sine interesser.»

Selskapet har kontor saman med BUL i Rosenkrantz’ gt. 8. Gardselskapet Rosenkrantz’ gt. 8 AS blei skipa i 1911 og blei fusjonert inn i Bøndenes Hus AS i 1998.

BUL Oslo driv Hotell Bondeheimen og Kaffistova i Rosenkrantz» gt 8. Dette er verksemd som har vore drive i denne garden sidan han stod ferdig i 1913. Hotellet har no om lag 150 rom.

Heimen LL Husflitsutsal kom i Bondeungdomslaget sitt eige i 1923, og driv både med produksjon av bunader og butikk med sal av husflid. Bøndenes Hus AS tok over 91 prosent av aksjane i Den Norske Husfliden AS seint i 2007. Den Norske Husfliden har no skifta namn til Heimen Husfliden og driv butikken i kjellaretasjen i Glasmagasinet og i Rosenkrantz’ gate 8.