Bondehytta

Bondehytta

Bondehytta ligg ved Ørfiske i Nittedal. Ho blir brukt av lagsfolk både sommar og vinter, men vi ynskjer gjerne at medlemmer nyttar ho oftare. Hytta kan også leigast av andre.

Hytta ligg idyllisk til som eit lite slott i lia nord for Ørfiske i Nittedal kommune, og her har lagsfolk i mange tiår kopla av frå stress og mas i byen. Det er flott turterreng og badevatn like ved hytta.

Hytta har fast sengeplass til om lag 20 personar, og fleire om ein ligg på flatseng i stova, eller i telt. Kjøkkenet er godt utstyrt med elektrisk komfyr, og det er servise til meir enn 30 personar. Hytta har straum og utedo. Vatn kan hentast frå den elektriske vassposten like utanfor døra.

Prisar lagsturar, per døgn:

Medlem, vaksen kr 50,-
Ikkje-medlem, vaksen kr 100,-
Alle barn kr 25,-
Fotskatt kr 10,-

Ekstern utleige:

Heile hytta, 1500,- per døgn

Helg (fredag-søndag) 3000,-. Helgeprisen gjeld uavhengig om du leiger hytta for ei eller to netter.

Viss du vil leige hytta, ta kontakt med Klas Ekeland på e-post [email protected] eller på sms til tlf. 46 77 97 05 

Finne fram

Ein kjem seg lettast til hytta ved å nytte tog frå Oslo til Movatn stasjon (tog i retning Hakadal, Roa eller Jaren). Movatn er innafor oslogrensa, så vanlege Ruter-billettar kan nyttast.

Frå stasjonen er det om lag 4 km skogsbilveg til Ørfiske. Følg skilt mot Ørfiske i alle vegskille. Følg skogsbilveg frå stasjonen som tar inn til venstre i den nordlege enden av stasjonen. (Det tek av veg skilta m.a. til Tømte eit par hundre meter etter bommen ved gården Lørenskog og veg til høgre til Laskerud nokre hundre meter før vegskillet ved Øfiskedammen (ca. 1,5 km etter bommen) ver merksam så du ikkje tek feil veg, spesielt ved vegskillet for vegen til Laskerud.)

Når ein kjem fram til Ørfiske, tek ein av til høgre forbi ny bom og går nedanfor (eller over) demninga og følgjer vegen vidare nordetter langs vatnet. Etter kvart tek vegen til å stige og svingar austover bort frå vatnet. Da kjem ein etter kvart til ein raud garasje på høgre side av vegen, ca. 20-30 m lengre opp tek stien til hytta av til venstre. Der er det sett opp eit raudt skilt med kvit skrift som det står ”Bondehytta” på. Følg stien ned på ei myr og opp på andre sida, så er du framme (ca. 2-300 m).

Historikk

Bondeungdomslaget kjøpte Bondehytta i 1917, men hytta blei truleg bygd så tidleg som på 1870-talet som jakthytte. Det var den første hytta laget eigde. Året før hadde laget kjøpt hyttetomt i Røkleiva vest for Tryvann, og Røkleivhytta stod ferdig vinteren 1919/20. BUL kjøpte hytta av Kristiania Kommunale Kontorfunktionærers Sportsforening for kr 12 000 inkl. elghovudet. Elgen heng framleis i storstova i hytta i dag, snart 100 år seinare. Etter ein namnekonkurranse i laget fekk hytta namnet Bondehytta. I 1919 løyvde laget pengar til tilbygg og ny innreiing. For sommarsesongen 1921 kunne vi vise til 700 besøkande. 

Hytta har vore viktig for det sosiale livet i laget heile tida. Her har det vore halde kurs, møter, festar, ulike sportstilstellingar, jonsokfeiring og mykje meir.

Hyttereglar

Det er ikkje lov å nyte alkohol eller anna form for rusmiddel på hytta eller i området rundt.

Skal ein røyke, må ein gå ut. Ikkje kast sneipen i naturen.

Det skal sjå minst like fint ut på hytta og i området rundt når ein forlet hytta som når ein kom.

Om noko skulle bli øydelagt, må dette meldast til lagskontoret. Skadeverk må erstattast.

Er det noko som manglar eller noko som snart tar slutt, må ein melde frå til lagskontoret/hyttestyret.