Medlemskontingent

  • Idrottslaget, frå 425 til 950 kroner per år (avhengig av alder og aktivitet).
    Eit medlemskap gjeld frå 1. januar kvart år (ev. frå innmelding).

Faktura for medlemsavgift blir sendt på e-post (ein gong per år) frå hovudlaget i BUL i januar eller ved innmelding. Når medlemspengane er betalt, kan du finne medlemskortet ditt på appen Gnist.

Spørsmål om medlemsavgift kan rettast til [email protected].

Treningsavgift til Idrottslaget

Treningsavgift kjem i tillegg til medlemskontingenten for medlemer i IL. Den blir fakturert frå Idrottslaget i BUL to gonger i året.

Spørsmål om treningsavgift kan rettast til [email protected].

Treningsavgifta går til drifta av gruppene: trenarar, startkontigent, lokaleleige osv. Ein kan ikkje trene utan at både medlemsavgift og treningsavgift er betalt.

Prisar på treningsavgift frå 2024:

  • 5-10 år: 700 kroner per halvår
  • 11-14 år: 850 kroner per halvår
  • 15 år og eldre: 950 kroner per halvår
Asics Logo