Om Teaterlaget

Velkomen til Teaterlaget i Bondeungdomslaget i Oslo!

Vi er ei amatørteatergruppe som held til i Teatersalen i hjartet av Oslo, med medlemmar frå fleire generasjonar. Teaterlaget blei stifta i 1914, då med namnet Spellaget, og sidan då har vi  hatt over 120 teateroppsetjingar og over 500 skodespelarar på scenen.

Dei siste åra har vi hatt to teateroppsetjingar i året, med om lag 20 aktive medlemmar.

Les Spellagssoga >

Følg oss også gjerne på Facebook der du kan sjå kva som har skjedd i laget dei siste åra.