Personvernerklæring

Denne personvernerklæringa forklarar korleis vi handterer personopplysningar som vi samlar inn for å oppfylle våre avtalar med medlemer og andre vi jobbar med.

Behandlingsansvarleg er Bondeungdomslaget i Oslo, org.nr. 938 619 417. Førespurnad som gjeld innsyn, retting eller sletting av personopplysningar kan rettast til [email protected] eller ved å ringe lagskontoret på 905 14 160.

Medlemskap

Frå medlemene våre hentar vi inn namn, adresse, telefonnummer, kjønn, fødselsdato og e-postadresse. Desse opplysningane er grunnlag for å rapportere medlemstal og vi treng kontaktinformasjon på medlemer for å kunne formidle informasjon knytt til organisasjonen og medlemskapet. Fødselsdato er for nokre av særlaga våre relevant for kontingentpris og kva gruppe ein skal vere i, i tillegg til å bestemme kva medlemsblad ein skal få frå Noregs Ungdomslag. Kjønn er relevant for (konkurranse-)gruppe (Idrottslaget), rolletype (Teaterlaget og Leikarringen) og stemmetype (Songlaget).

Lagskontoret i BUL, lagsstyret og tillitsvalde i særlaga har tilgang til medlemslistene. Særlaga treng desse listene til å vite kven som har betalt medlemsavgift og for å kunne kontakte medlemene med informasjon knytt til aktivitetane deira. Alle tillitsvalde er informert om viktigheitene av personvern og skal ikkje bruke listene på ein måte som ikkje samsvarer med denne personvernserklæringa.

Når ein melder seg inn i BUL Oslo samtykker ein til å ha gjort seg kjend med at som medlem i Bondeungdomslaget i Oslo blir ein også medlem i Fylkesmållaget Vikværingen, Bygdelagssamskipnaden, Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag. Vi registrerer difor også opplysningane til medlemene våre hjå desse organisasjonane. For medlemer i Idrottslaget blir opplysningane i tillegg registert hjå Norges Idrettsforbund og i fakturasystemet for treningsavgift. Alle desse databehandlarane skal kunne kontaktast for meir informasjon om deira personvernpolicy.

Ved ubetalt medlemskapsavgift utan ytterlagre beskjed, ligg du i medlemsregisteret vårt ut inneverande år. Etter dette reknar vi medlemsskapet som avslutta. Etter avslutta medlemskap ligg personopplysningane dine framleis i kategorien «slutta» i medlemssystemet vårt i opptil 6 månadar, ettersom det kan vere behov for å kontakte deg grunna uteståande betaling, attgløymde eigedelar eller likande. Etter dette, gjer vi deg om til ein anonym tidlegare medlem ved hjelp av «Gløym meg»-funksjonen i medlemssystemet vårt. Dersom du har ynskje om å bli sletta fortare, kan du ta kontakt med oss på [email protected] eller 905 14 160. Då behandlar vi eventuelle uteståande saker så raskt som mogleg og slettar personopplysningane dine som forklart ovanfor. Personopplysningane dine blir lagra i medlemsregisteret til Noregs Ungdomslag i 5 år grunna krav frå Fordelingsutvalet, som NU tek imot driftsstøtte frå.

E-post

Du kan sende e-post til oss, men hugs at alle verksemder er sårbare for datatjuveri. Du bør derfor ikkje sende sensitivt innhald per e-post. Dersom vi mottar ein slik e-post, behandlar vi e-posten ut frå innhaldet og slettar den.

Nyheitsbrev

Som medlem hjå oss får du viktig informasjon frå laget tilsendt på e-postadressa du har oppgitt via vårt medlemssystem Styreweb. Fordi vi har fått tilbakemelding om at nokon ynskjer meir informasjon og nokon ynskjer mindre enn det vi har sendt ut via Styreweb, sender vi no ut eit nyheitsbrev fire gonger i året. Der kan du halde deg oppdatert på kva som skjer i dei ulike særlaga/gruppene i laget, prosjekt vi jobbar med og kva saker som blir diskutert i lagsstyret. Til dette nyheitsbrevet hentar vi ut e-postadressa di frå Styreweb og legg det inn i Mailchimp. Nyheitsbrevet er slik også ope for ikkje-medlemer, og det betyr at du sjølv vel om du vil ha informasjon frå klubben, også etter ev. utmelding. Denne lista blir ikkje delt med andre og du kan til ei kvar tid melde deg av.

Medlemsblad NU

Ved innmelding i BUL etter 01.07.18 samtykker du til om du ynskjer å få medlemsblad frå Noregs Ungdomslag. Ved innmelding før denne datoen skal du ha fått ein eigen e-post med dette spørsmålet.

Bruk av informasjonskapslar (cookies)

Vi brukar Google Analytics til å følgje aktivitet på nettstaden vår. Google Analytics brukar informasjonskapslar/cookies (små tekstfiler som nettstaden lagrar på brukaren si datamaskin), som registrerer IP-adresse, og som gir informasjon om korleis den enkelte brukaren beveger seg på nett. Døme på statistikk vi fangar opp er: kor mange som besøker ulike sider, kor lenge besøket varer, kva nettstader brukaren kom frå og kva nettlesar som blir brukt. Ingen av informasjonskapslane gjer at vi kan knytte informasjon om din bruk av nettstaden til deg som enkeltperson. Du kan sjølv endra innstillingar i nettlesaren din dersom du ikkje vil at informasjonskapslar blir lagra.

Påmelding kurs og arrangement

Særlaga våre arrangerer interne og eksterne arrangement der det blir samla inn informasjon ved påmelding. Typen informasjon vil variere, og tillitsvalde i ditt særlag har ansvar for å (1) berre hente inn relevant informasjon for arrangementet; (2) oppbevare personopplysningane på forsvarleg vis; (3) passe på at personopplysningane ikkje blir brukt til andre føremål enn å administrere arrangementet og (4) slette alle opplysningane etter arrangementet.

Kontraktar og avtalar

Vi handterer kontraktar med tilsette (fast tilsette, tilsette på timebasis, tilsette på tidsavgrensa kontrakt) etter dei reglar som gjeld i den nye personvernlova. Alle persondata blir lagra elektronisk i mapper som berre dagleg leiar har tilgang til (dagleg leiar Bondeungdomslaget i Oslo og dagleg leiar Idrottslaget i BUL). Ved avslutta arbeidsforhold/engasjement blir alle dokument som ikkje kan ha relevans for framtida (t.d. arbeidskontrakt/-instruks, lønnshistorikk, sluttattest) sletta. Søknader ved ledig stilling eller opne søknader (inkl. CV og attestar) blir sletta dersom personen ikkje blir tilsett/engasjert. Dersom søkjaren ynskjer det, kan søknaden lagrast i inntil tre år. Avtalar med leigetakarar, sponsorar, leverandørar etc. blir lagra elektronisk og/eller fysisk i låste skåp.

Sist oppdatert: 06.06.2019