Songlaget
Velkomen til Songlaget i Bondeungdomslaget i Oslo!
Songlaget i Bondeungdomslaget (BUL) i Oslo, er eit blandakor med meir enn 50 songarar i ulike aldrar. Koret er eit av dei eldste særlaga i Bondeungdomslaget, og vart stifta i 1914. I 2024 feirar vi 110 år og er framleis eit aktivt amatørkor i Oslo.

Mot sumar – konsert med Songlaget i BUL Oslo
Eit musikalsk vårslepp over angande enger og blånande berg. Frå morgongry i nord til solnedgang på ei gresk strand. Med ord og tonar av mellom andre Karin Boye, Jakob Sande, Edvard Grieg, Wilhelm Peterson-Berger og Mikis Theodorakis.
Dirigent: Knut Kristian Mohn
Dørene opnar kl 17.30
Billettar finn du her.
Velkomen!
Logoen til Songlaget
Nedanfor ser du Songlaget sin logo. Den fører vidare idéen om sølja som symbol på den norske tradisjonen. Hjartet i midten tek opp både filigransarbeidet som ofte er brukt på søljer – og kjærleiken til musikken i kombinasjon med G-nøkkelen plassert i midten.
Logoen er utforma av Anne-Bet Dønnen.

Hendingar
Adresse
Bondeungdomslaget i Oslo
Rosenkrantz’ gate 8
0159 Oslo
Tlf.: 90 51 41 60
E-post: [email protected]
Org.nr.: 938 619 417
Idrottslaget i BUL
Tlf.: 90 57 94 76
E-post: [email protected]
Org.nr.: 969 990 091
Meny
Nyheitsbrev
Når du trykkjer «Meld på» godtek du vilkåra i vår Personvernerklæring
(opnar seg i ny fane).



