Dirigenten

Knut Kristian Mohn

Mohn har si dirigentutdanning frå Norges musikkhøgskole i Oslo. Han har dirigert kor sidan 2008 og har vore flittig brukt som gjestedirigent, songpedagog og seminarholdar for kor i Oslo og omland.

Knut Kristian er og utdanna songar, og våren 2016 vart han uteksaminert frå Operahøgskolen i Oslo med Solveig Kringlebotn som sin songlærar. Etter songstudiane i Oslo har han teke vidareutdanning i USA med den italienske tenoren Jack LiVigni. Mohn debuterte profesjonelt som operasongar hausten 2016 som Hertugen i Rigoletto under Oslo Operafestival si hovudoppsetjing den sesongen.

Mohn har gjort stor suksess i Oslo med koret Birkelunden Mannskor, som han var med å starte i 2012 og enno dirigerer. I 2015 avslutta dei den direktesende 17. mai-sendinga til NRK frå slottsplassen med songen «Norges Skaal», og i 2019 urframførde dei bestillingsverket «Vår Konge», skriven av Gisle Kverndokk og Odd Magnus Williamson i same kanal. I 2022 starta dei 17. mai-sendinga til NRK med nasjonalsongen.

Birkelunden mannskor har to gonger blitt kåra til Norges beste mannskor under NM for kor i Trondheim i 2017 og 2021.

Frå 2023 har Mohn dirigert Birkelunden symfoniorkester, som han også var med å starte opp.

Når det kjem til Songlaget i BUL i Oslo, har Knut Kristian Mohn sidan 2019 dirigert Songlaget. Sommaren 2022 framførde dei «Ja, vi elsker» direktesend på tv framfor eit fullsett Bislett stadion. Under NM for kor i Trondheim i 2023 tok Songlaget 2. plassen i sin klasse. I 2024 feirar koret sitt 110-års jubileum med mellom anna konsert i Universitetets aula.

Tidlegare dirigentar

Mari Eckhoff Tveito

Mari Eckhoff Tveito har vore dirigent sidan oktober 2017.

Mari er ein allsidig songar, dirigent og komponist, utdanna ved Rytmisk Musikkonservatorium i København.

Ho har turnert og gjeve ut plater både som soloartist og med ulike ensemble, mellom anna den Grammy-vinn ande improvisasjons-vokalgruppa IKI.

Mari har samarbeidd både med Bobby McFerrin, Dansk Radios Bigband og fleire av Danmarks mest framståande jazzmusikarar.

Liv Ulvik

Liv Ulvik

I januar 2017 vart Liv Ulvik fast tilsett som dirigent i Songlaget i Bondeungdomslaget i Oslo, etter eit halvt år som vikar hjå oss. Ho er utdanna kvedar på Noregs Musikkhøgskule, og er ein aktiv musikar med stadige oppdrag i heile landet.

Ho er kanskje mest kjend som ein av tre songarar i Eplemøya songlag, men ho har også sunge i lag med fleire kjende grupper, som Oslo kammerkor. Hausten 2017 gav ho ut soloplata «Inn Vade» med eigenskrivne tekstar.

Med sin inngåande kjennskap til folkemusikk og ein særleg teft for å finna fram vakre melodiar passa Liv svært godt som dirigent og musikalsk leiar for Songlaget!