BVT

BVT

BVT-gruppa har eksistert sidan 1981, og er ei aktivitetsgruppe for personer med utviklingshemmingar. Gruppa har i dag ca. 25 medlemer, som trenar handball og fotball faste dagar i veka.

Gruppa har stort fokus på trivsel og glede, og det sosiale miljøet er ein svært viktig del av dei faste møta. Treningane med BVT gir eit glimrande utgangspunkt både til å halde seg i god fysisk form og få nye vener.

Gjennom året deltek gruppa på stemne rundt i heile landet, blant anna på den populære landsturneringa i handball og fotball. IL i BUL har i ei årrekkje vore arrangør av friidretstemne på Bislett og langrennsrenn for personer med utviklingshemmingar. Dette er svært populære arrangement, der utøvarar frå heile Europa møtast. Her konkurrerar dei i vinteridrett (alpint og langrenn) og friidrett om sommaren.

Ved hjelp av stor dugnadinnsats på velkjende idrettsarrangement, får gruppa inn midlar som gjer at dei kan delta på arrangement, stemne og anna moro. Dugnadar kan til dømes bestå av å servere mat og drikke til takksame mosjonistar og toppidrettsfolk på Oslo Maraton, Sentrumsløpet og Bislett Games.

BVT ønskjer nye medlemer hjarteleg velkomne til morosam idrett, nye venskap og opplevelsesrike turar!

For meir info,  ta kontakt med gruppeleiar Kjetil Myklebust; [email protected].

Asics Logo