Utleige

Midt i hjartet av byen, i Rosenkrantz’ gate 8, leiger Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) ut Teatersalen og Lagsrommet i Nynorskens hus.

Nynorskens hus eignar seg svært godt til gjennomføring av små og store konsertar, teaterframsyningar og kunst- og kulturrelaterte arrangement. I tillegg har vi husteknikar som kan bistå i gjennomføring av arrangement.

Teatersalen har lange tradisjonar som kulturhus i Oslo, m.a. var dette hovudscenen til Det Norske Teatret fram til 1947. Veggane i salen er i same farge som då Det Norske Teatret heldt til i salen (datert av NIKU – Norsk institutt for kulturminneforskning).

Lagsrommet er eit større møterom, som eignar seg godt til mindre konferansar/møte.

Vi er ikkje er eit konferansesenter, og vanleg utleige inkluderer difor ikkje oppsett av stolar og bord, rydding o.l. Vask er inkludert.

Det er ikkje tillate med alkoholservering i lokala våre, eller å nyte alkohol i eller utanfor lokala.

Teatersalen

Teatersalen

Salen har ei golvflate på om lag 230 m2 – Til konferanse: ca. 75 bord og 150 stolar – Til kinooppsett: maks 225 stolar.

Teatersalen er utstyrt med full PA, lyd og lysmiksar og det meste av nødvendig teknisk utstyr som kan bli tilpassa dei fleste oppsettingar. Viss det er behov for ekstra utstyr eller teknikarar, gjer vi vårt beste for å fikse dette.
Inkludert i leiga er:– Projektor og lerret.– Enkel PA med to stk. Turbosound iq10, to trådlause mikrofonar og moglegheit for avspeling av musikk.

Stolar og bord, lerret og flygel er tilgjengeleg.

Pris teknikar: 650,- per time (min 4 timar) 4500,- for heil dag (8 timar) 750,- per time overtid.

Ønsker du å leige lokale, fyller du ut skjemaet nedanfor.

Sjå spesifikasjonar av teknisk utstyr i Teatersalen.

Lagsrommet

Lagsrommet

Lagsrommet i BUL er på ca. 90 m2. Lagsrommet passar godt til mindre konferansar/møte. Rommet har balansert ventilasjon, god akustikk, Internett-tilgang, lerret i taket og videokanon. (Konferanse ca. 15 bord og 30 stolar/kino-oppsett ca. 40-50 stolar.)

Ynskjer de å leige lokale, fyller du ut skjemaet nedanfor.

Tilgjengelegheit og pris

Bondeungdomslaget i Oslo er ein frivillig organisasjon, og utleige kjem difor i tillegg til aktivitetane våre. Det vil seia at vi har interne grupper som bruker romma på visse tidspunkt, medan vi opnar for utleige når vi ikkje bruker dei sjølv. Det betyr i praksis at vi i regelen ikkje leiger ut på kveldstid måndag-torsdag. Sjå kalender nedst på sida viss du lurer på om Teatersalen eller Lagsrommet er ledig på det tidspunktet du ynskjer å leige.

Fordi utleige ikkje er vår primæraktivitet, har vi ikkje ei sett prisliste. Vi tilbyr ein pris på grunnlag av kven de er, kva type aktivitet romma skal nyttast til, kor mange timar de vil leiga osv. Dette er fordi vi ynskjer å ha eit program i Nynorskens hus som reflekterer vår eigen handlingsplan. Likevel er vi opne for dei fleste arrangement, også lukka arrangement, så lenge de godtek leigevilkåra og ikkje driv aktivitet som ikkje passar med verdigrunnlaget til BUL.

Leige lokale

  • Når du trykkjer "Send inn" så godtek du at dataene du har fylt inn i skjemaet vert sendt på epost og automatisk lagt inn i internettverktøy hos Bondeungdomslaget i Oslo for å behandle dataene. Sjå utfyllande vilkår i vår Personvernerklæring (opnar seg i ny fane).

Tilgjengelegheit Teatersalen

Tilgjengelegheit Lagsrommet