Om Songlaget

Songlaget i Bondeungdomslaget (BUL) i Oslo, er eit blandakor med meir enn 50 songarar i ulike aldrar. Koret er eit av dei eldste særlaga i Bondeungdomslaget, og vart stifta i 1914. I 2024 feirar vi 110 år og er framleis eit aktivt amatørkor i Oslo.

Koret har eit godt sosialt miljø med songglade kvinner og menn. Ei spennande samling av folk med alle slags bakgrunnar og opphavsstader. Vi møtest til song kvar torsdag frå kl. 19.00 – 21.30 i Teatersalen i Nynorskens hus, i Rosenkrantz’ gate 8 i Oslo.

Ei av dei viktigaste målsetjingane våre er å ta vare på norske song- og musikktradisjonar, men vi har òg utanlandske folketonar og klassiske verk på repertoaret.