Bli med i Songlaget
Likar du å syngje? Kanskje du har lyst til å syngje saman med oss i Songlaget i BUL?
Vi har plass til fleire songarar på herrestemmane tenor og bass.
Det er ikkje ein føresetnad at du les notar, men sjølvsagt ein fordel.
Har du lyst til å delta på ei øving, send ein e-post til [email protected].
Vi øver kvar torsdag frå kl 19.00 til 21.30.
Vi ser fram til å høyre frå deg!

