Historia

Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) vart skipa i ei tid då svært mykje ungdom frå bygdene (bondeungdom) flytta inn til hovudstaden for å skaffe seg arbeid. Den sterke industrialiseringa på denne tida førte til ei stor sosial omvelting. Det var vanskelege levekår, både sosialt og kulturelt.

Tidslinja under viser BUL si historie:

  • Konteksten BUL blei skipa i
  • Selskapa/institusjonane BUL var med å byggje opp
  • Viktige hendingar i BUL fram til i dag

NB: Tidslinja er under utvikling

Tidslinje

(Under utvikling)

  • 1800-talet

     

    Urbanisering

    På 1800-talet var det stor tilflytting til Kristiania. Mange ungdom frå bygdene («bondeungdom») flytta inn til hovudstaden for å skaffe seg arbeid.

  • Tilflyttinga til Kristiania aukar

    Heile 75.000 flytta til Kristiania-området 1890–1900. Mange følte seg bortkomne, heimlause og møtte manglande respekt for måten dei snakka på og tradisjonane deira. Det var òg sterk vekst i organisasjonslivet, og både mållag og ungdomslag vaks fram over heile landet.

     

    1890-talet

  • 1899

     

    Bondeungdomslaget i Oslo skipa

    BUL vart skipa 15. oktober 1899 som ein del av ei politisk og nasjonal rørsle, men òg for å skape ein sosial og trygg samlingsplass for innflyttarar.

  • Det norske spelelaget blir skipa

    Blir seinare til Det Norske Teatret.

     

    1899

  • 1903

     

    Fyrst framsyning – folkeviseleiking

    I 1903 var den fyrste norske dansarflokken i Stockholm, der Hulda Garborg tok med seg dansar frå BUL. Same år fekk BUL den fyrste framsyningsringen, truleg den aller fyrste som våga seg til å skipe ei framsyning i folkevisedans på ope tile. Det var på Folkemuseet, Bygdøy.

  • Noregs Mållag skipa

    Dei tre fyrste mållaga blei skipa i Oslo, Bergen og Trondheim i 1861–62. Fram mot hundreårsskiftet kom det til ei rad mållag og i åra etter 1899 fleire fylkesmållag. Landslaget Noregs Mållag blei skipa 4.–5. februar 1906.

     

    1906

  • 1911

     

    Gardselskapet Rosenkrantz’ gt. 8 AS blei skipa

    Blei fusjonert inn i Bøndenes Hus AS i 1998.

  • L/L DET NORSKE TEATRET vart skipa

    Hulda Garborg samla 13 amatørskodespelarar frå ulike delar av landet hausten 1910. Fram til sommaren 1912 hadde dei spelt 200 framsyningar og synt at det både fanst skodespelaremne og publikum for eit nynorskteater. BUL var og er den største aksjonæren.

     

    1912

  • 1912

     

    Heimen teiknekontor skipa

    Ekteparet Aksel Waldemar (1880–1922) og Anna Johannessen (1879–1923) starta i 1912 opp Heimen Teiknekontor. Dette blir seinare til Heimen husflid.

  • Hotell Bondeheimen opna

     

    1913

  • 1913

     

    Idrottslaget i BUL skipa

    8. januar 1913

  • Offisiell opning av Det Norske Teatret

    6. oktober 1913 blei Det Norske Teatret offisielt opna i det som no er Teatersalen i Nynorskens hus.

     

    1913

  • 1914

     
  •  

    1914

  • 1916

     
  •  

    1917

  • 1919

     

    Leikarringen i BUL skipa

    14. november 1919 blei Leikarringen godkjent som særlag i BUL

  • Bygdelagssamskipnaden (BLS) blir skipa

    Den 14.03.1923 blir Bygdelagssamskipnaden skipa som eit felles fylkeslag for ungdomslag, bygdelag og leikarringar i Oslo og Akershus. BUL tilsluttar seg BLS.

     

    1923

  • 1923

     

    Heimen kom i BUL sitt eige

    Heimen LL Husflitsutsal kom i Bondeungdomslaget sitt eige i 1923

  • Barnelaget i BUL blir skipa

    Bygdelagssamskipnaden (BLS) har teke over drifta av Barnelaget, som no heiter Barnelaget i Oslo, medan BUL framleis tilbyr halling for barn (BULder & Brak)

     

    1924

  • 1925

     

    BUL introduserte Noreg for volleyball

    Anders Vethe introduserte volleyball (omtalt som skotball eller nettball) for Noreg via BUL i september 1925. BUL publiserte ei norsk omsetjing av reglane og sette i gang ei turnering ved Røkleivhytta. Etter denne første introduksjonen blei sporten gløymt i Noreg til 1936.

  • Det norske teateret forlèt Teatersalen

    Det Norske Teatret flyttar frå Teatersalen til Stortingsgata 16. (I 1985 flytta dei til Kristian IVs gate der dei held til i dag).

    1940

  • 1942–45

     

    Lagsarbeid innstilt

    Innstilt lagsarbeid i BUL under andre verdskrig. BUL-medlemmer som ofra livet i krigen:

    Ole Bollom (1897–1942)
    Dagfinn Steinskog (1903–1945)
    Odd Støyva (1910–1940)

  • Dag og Tid

    Fyrste prøvenummeret av Dag og Tid kom ut. Initiativet kom frå enkeltpersonar i BUL, Noregs Mållag og Kringkastingsringen. Dei ynskte ei ny riksdekkande avis på nynorsk (men ikkje fyrst og fremst med nynorsk som tema).

     

    1962

  • 1970

     

    BUL speler i den fyrste offisielle kvinnefortballkampen i Noreg

    BUL bidrog til anerkjenning av kvinnefotball på 60/70-talet og både spelte og vann den fyrste norske kvinnefotballkampen i regi av Norges Fotballforbund 12. juli 1970.

  • Ball-Vatn-Trim-gruppa (BVT-gruppa) starta

    BUL starta ei treningsgruppe for menneske med utviklingshemming.

     

    1981

  • 1998

     

    Bøndenes Hus AS

    Gardselskapet Rosenkrantz’ gt. 8 AS blei fusjonert inn i Bøndenes Hus AS.

  •  

    1998

  • 2007

     

    Den mangfaldige scenen

    BUL, Det Norske Teatret og Noregs Ungdomslag gjekk saman om prosjektet Den mangfaldige scenen – eit nytt barne- og ungdomsteater.

  • Nynorskens hus

    Den 26. september 2014 kl. 17.15 opnar dei nye dørene til Nynorskens hus, med Fosse sitt siste dramatisk verk Hav.

     

    2014