SEI IFRÅ – Retningslinjer og varsling

I IL i BUL skal alle vere trygge!
Sei ifrå når du opplever noko som er eit brot på verdiane våre, etiske levereglar, reglement og retningslinjer. Vi ønskjer å få vite om kritikkverdige forhold og er takksame for at du seier ifrå.

Døme på kritikkverdige forhold kan vere mobbing, trakassering, underslag, kampfiksing, juks eller seksuelle overgrep. Vi ønskjer å høyre frå deg så vi får moglegheit til å tak i, og handtert kritikkverdige forhold på ein god måte, og kan hindre liknande hendingar i framtida.

Alle varsel om kritikkverdige forhold blir tatt på alvor.


IL i BUL ønskjer å vere ein trygg arena for alle medlemmene våre.

• Friidretten skal vere ein trygg og inkluderande arena uansett alder, kjønn, legning, etnisk bakgrunn eller personlege føresetnader.
• Glede, helse, ærlegdom og fellesskap skal prege aktiviteten.
• Sunne haldningar og ingen toleranse for bruk av doping eller anna juks.
• Fokus på trivsel, meistring, begeistring og grensesprenging.

Sei ifrå
Det er viktig at du seier ifrå dersom du har opplevd eller vore vitne til hendingar, handlingar eller åtferd som du tenkjer at bryt med reglane våre. Hos oss tar vi alle varsel om kritikkverdige forhold på alvor.

Kva kan du varsle om?
Du kan seie frå om hendingar eller handlingar som du sjølv har opplevd, har direkte kjennskap til, har oppdaga, eller har høyrt om frå andre.
Døme på tema du kan seie ifrå om er underslag av pengar, trakassering frå trenar, mobbing frå andre utøvarar, juksing i konkurransar, rasistiske utrop, diskriminerande åtferd, m.m.

Viss du er usikker, er det betre at du seier ifrå ein gong for mykje enn ein gong for lite. Det skal vere låg terskel for å seia ifrå!


Når eitt varsle kjem oss, vil det vera saksbehandlarar som får varselet og som vil avklare, undersøke og konkludere. Les meir dei ulike stega her

Saksbehandlarar:
Dagleg leiar – Eirik Tanberg
Styrerepresentant – Jill Olsen

Om du har spørsmål om varsling eller håndtering av varsler, ta gjerne kontakt med våre rådgivere.

Er du usikker på kva ein kan og burde varsla om kan du lese meir her.