Bli med i BUL

For å vere med på aktivitetane i BUL sine særlag, Idrottslaget, Leikarringen, Songlaget eller Teaterlaget, må du melde deg inn i Bondeungdomslaget i Oslo. Du kan også vere medlem utan å vere med i ein spesiell aktivitet. Då er du berre medlem av hovudlaget.

Medlemskap:

Eit medlemskap gjeld frå 1. januar kvart år (ev. frå innmelding). Når du melder deg inn i Bondeungdomslaget i Oslo, blir du også medlem i Fylkesmållaget Vikværingen, Bygdelagssamskipnaden, Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag.

Songlaget: For å bli med i Songlaget kan du sende ein e-post til [email protected] for å avtale prøvesong, eller du kan kome innom ei øving (torsdagar kl 19.00–21.30 i Rosenkrantz’ gate 8).

Teaterlaget: For å bli med i Teaterlaget kan du sende ein e-post til [email protected] for å kome i kontakt. Dei øver måndagar kl. 18.00 i Rosenkrantz’ gate 8.

Leikarringen: For å bli med i Leikarringen er det berre å melde seg inn i BUL og deretter møte opp på øving (tysdagar 19.30–21.30 i Rosenkrantz’ gate 8). Du kan også bli med på enkeltøvingar og betale kr. 50. E-post-adressa er [email protected].

Idrottslaget:

Medlemsfordelar:

Medlemskontingent

Våre kontingentprisar varierer etter aktivitet og alder. Under ser du kva du må betale for eitt års medlemskap i eit av særlaga. Desse prisane er inkl. medlemskap i hovudlaget (obligatorisk). Satsar for å berre vere medlem av hovudlaget finn du også under.

Medlemskontingen særlag:

  • Idrottslaget: frå 450 til 950 kroner per år (treningsavgift to gonger i året kjem i tillegg til medlemsavgifta)
  • Leikarringen: frå 450 til 950 kroner per år |  BULder og Brak (hallingdans for barn): 600 kroner per år. Nye medlemmer meldt inn etter 1. juli betaler berre til hovudlaget (sjå pris under).
  • Songlaget: frå 1700 til 2050 kroner per år (student frå 300 til 650)
  • Teaterlaget: frå 500 til 850 kroner per år

Medlemskontingen hovudlaget:

Vaksen: 650 kroner per år
Ungdom (15–26 år): 300
Barn (t.o.m. 14 år): 0
Barn t.o.m. 14 år som berre er med i hovudlaget: 100
Honnørmedlem: 300 (på førespurnad)
Nye medlemmer meldt inn etter 1. juli: 350

Faktura for medlemsavgift blir sendt på e-post (eller i Posten) ein gong per år frå hovudlaget i BUL i januar eller ved innmelding. Medlemsavgifta skal betalast til konto 7874 42 01283. NB: Hugs KID på faktura. Når medlemspengane er betalte, kan du finne medlemskortet ditt på appen Gnist.

Spørsmål om medlemsavgift kan rettast til [email protected].

Treningsavgift til Idrottslaget

Treningsavgift kjem i tillegg til medlemskontingenten for medlemer i IL. Den blir fakturert frå Idrottslaget i BUL to gonger i året per e-post og skal betalast til konto 8101 07 04510.

Spørsmål om treningsavgift kan rettast til [email protected].

Treningsavgifta går til drifta av gruppene: trenarar, startkontingent, lokaleleige osv. Ein kan ikkje trene utan at medlemsavgifta og treningsavgifta er betalt.

Prisar på treningsavgift:

  • 5-10 år: 700 kroner per halvår
  • 11-14 år: 850 kroner per halvår
  • 15 år og eldre: 950 kroner per halvår