
Våre heilt eigne LR-medlemmar Rita og Svein Are har dansa seg heilt opp i A-klassa på Landskappleiken med Springdans frå Nordre Sunnmøre, og denne tysdagen skal me få lære den alle saman!
Instruktør: Rita og Svein Are Sirirud Vatnehol
Musikk: Runhild Heggem
Det er ope for alle som vil, både om du kan danse frå før, eller om du vil lære det på øvinga!
Meld deg inn i Leikarringen eller betal 50,- for kvar øving.
Foto: Rundhild Heggem