
Velkomen til ein ny webinarserie med Leikarringen i BUL Oslo. Tre tysdagar utover hausten skipar me til webinar med tema “Folkedansen i Noreg” med våre gode Vegar Vårdal i spissen. Fyrste webinar har tema “Faltfeledistrikt” der Vegar tek for seg folkedansen i Noreg innanfor flatfeledistrikta i landet og forklarer forskjeller og likheiter, syner eksempel og gir oss oppgåver å jobbe med.
Webinaret fungerer som ei øving der ein kan delta åleine i si eiga stove eller lag og lokalmiljø kan delta på webinaret saman ved å treffast fysisk der de vanligvis har øvingar (hugs smittevern). Webinaret er tilgjengelig ei stund på Facebooksida til Leikarringen, så dette kan fint brukast på den ukentlige øvinga dykkar kva dag som passar best.
For Leikarringen i BUL Oslo vil me opne Teatersalen for 20 personar som kan kome å delta på webinaret saman.
- Påmelding for å delta i Teatersalen gjerast her: https://forms.gle/tz35CRWVKthi2PUa6
- Det vert også songdansøving for Leikarringen frå kl. 18:30, hugs påmelding her: https://forms.gle/wGRx76ANNhtip5bcA
Påmelding for å delta digitalt på webinaret er ikkje naudsynt.
Tid: 22. september kl. 19:30 ca. 1 1/2 time med undervisning, spørsmål og oppgåver
Stad: Facebooksida til Leikarringen i BUL Oslo
Set gjerne av datoen for dei andre webinara i haust:
- 27. oktober: Hardingfeledistrikt
- 24. november: Folkedansens tidsline
Denne øvinga er gratis! Vil du bli medlem av Leikarringen kan du melde deg inn her: https://www.bul.no/leikarringen/blimedlem/