Asics Sentrumsløpet 2020

Sentrumsløpet blei arranger for første gong I 1981 og det er difor 40. gong løpet blir arrangert i 2020. Idrottslaget i BUL har arrangert Sentrumsløpet sidan 1999.

Klikk her for å melde deg på løpet 10. oktober

Sentrumsløpet på 1980-talet

På bakgrunn av joggebølgja som skylde over landet tidleg på 1980-talet, bestemte KFUM-kameratene Oslo seg for å opprette eit mosjonsløp midt i sentrum av Oslo. Søndag 26. april 1981 blei det første løpet arrangert. Løypa var då 8,9 km og vinnaren var Steve Ovett, olympisk meister på 800-meter i 1980. Det var 1634 stykk som deltok, men løpet vaks kraftig i løpet av 80-talet og hadde heile 14 900 deltakarar i 1989.

IL i BUL tar over stafettpinnen

Utover 1990-talet gjekk interessa for løping sakte nedover og i 1994 ynskjer KFUM-kameratene Oslo å gi seg som arrangør. Bislett Alliansen var ansvarleg arrangør for løpa 1995–1998, men ønskja ikkje å arrangere lenger på grunn av dalande deltakartal. Styret i Kondis får då fullmakt til å prøve å finne ein ny arrangør og dåverande kondisleiar Kjell Vigestad meinte det var naturleg å ta kontakt med IL i BUL, som haldt til midt i Oslo Sentrum.

Trenden snur

IL i BUL haldt liv i løpet, men deltakartalet haldt fram med å minske. Det nådde botnen i 2006 då det berre var 1324 stykk som fullførte løpet. Året etter såg ein berre marginal auke, medan det i 2008 var 1700 fullførande og i 2009 om lag 3000. Dei siste ti åra har deltakartalet auka frå 5063 i 2010 til 10 453 i 2019 – det høgste sidan 1994.

Sentrumsløpet blir arrangert for 40. gong

Den 10. oktober 2020 går Sentrumsløpet igjen av stabelen. Opphavleg dato var 25.april, men som følgjer av Covid-19 vart datoen flytta. Det startar med Norlandia Sentrumsløpet for barn kl. 13.30 der vi forventar at mellom 500 og 1000 barn som skal springe rundt Spikersuppa. Vidare startar eliteløpet ASICS Sentrumssprinten kl. 14.30 der 10–25 eliteløparar spring frå Slottstrappa 800 meter rett fram og endar på Egertorget. Kl. 16.00 startar 10 km-løpet, som er ‘hovudattraksjonen’, der vi forventar over 10.000 deltakarar. Løypa startar og endar på Karl Johan og den 10 km lange runden går gjennom Slottsparken, opp og rundt Frognerparken, ned mot Bygdøy Allé, forbi Oslo rådhus  og Akershus festning og opp mot Karl Johans gate. Siste del av arrangementet er 5 km-løpet, som startar kl. 17.30.

Bli med på folkefesten du også!

Sentrumsløpet si heimeside

Sentrumsløpet på Facebook

Sentrumsløpet på Instagram