BUL fyller 125 år!
125-årsjuBULeum i 2024!
Dette vil me feira gjennom året med små og større arrangement – interne og eksterne.
Me håper du blir med og feirer! Du kan også melda deg som frivillig. (Sjå skjema)
28. februar: No BULdrar det laus | Kaffistova
Kl 18:00–20:00
Me sparkar i gong jubileumsåret med ei samling i kjellaren på Kaffistova. Her blir det prat med sentrale personar i BUL, info om jubileet, kviss, kaffi, kake og medlemsmingling.
10. april: Litteratur på BUL: Jacob Sande-kveld | Teatersalen
Kl 18:30–21:00
27. april: Spring med BUL | Karl Johans gate
Heile BUL er velkommet til å bli med på Sentrumsløpet – og får 25 % rabatt! Har du litt vondt i lilletåa? Meld deg som frivillig på Sentrumsløpet!
16. juni: BUL på tur | Røkleivhytta
Kl 11-15 drar heile BUL på tur til Røkleivhytta. Det blir quiz med premie, nysteikte vaflar og leik for store og små. Kl 12:15 kan du også få med deg eit lite føredrag om hytta v/ Olaf Almenningen. Kan henda det blir song og dans også? Me set opp fellesvandring for dei som vil kl 10:45 og 11:45 frå Lillevann stasjon. Turen til hytta tar om lag 20 minutt. Les meir om hytta og framkomme på heimesida og sjå arrangementet på facebook.
17. august: BUL på tur | Bondehytta
Fellestur for alle medlemmar, med aktivitetar for store og små og nysteikte vaflar. Det tar rundt 1 time å gå til hytta frå Movatn stasjon.
13. september: Natt på BUL | Nynorskens hus
BUL opnar huset på Oslo kulturnatt, og skal fortelja historia til organisasjonen på 20 minutt. Utøvarane vil få manus, regi og rettleiing. Her treng me frivillige til små og store oppgåver – alt etter kva som passar for deg. Meld deg på i skjemaet under, dette blir gøy!
Meld deg på her!
I samband med Kulturnatt 13. september, skal BUL visa ei framsyning som tar føre seg BUL gjennom 125 år. Framsyninga er tenkt å vara rundt 30 minutt, og me set opp fire framsyningar ila kvelden.
Skodespelarane er frå BUL og DMS. Vil du vera med backstage og hjelpa? Då vil me gjerne høyra frå deg! Ta kontakt på [email protected]
12. oktober: Hurra for BUL | Nynorskens hus
BUL feirar seg sjølv med middag, kake og kulturelle innslag ein laurdagskveld i oktober. Dei påmelde betalar ein liten sum sjølve, BUL dekker resten av kalaset. Feiringa er berre for medlemmar.
11. desember: Graut med BUL | Nynorskens hus
Som kvart år, blir det også julegraut i jubileumsåret, men med litt ekstra stas i form av juleverkstad.
Frivillig BUL-jubileum
Me treng frivillige som kan bli med og arrangera jubileum! Kva kan du bidra med?