BUL strålte i raudt og gult – fire medaljar under NM 2025!

Hovudmeisterskapen 2025 er historie, og IL i BUL reiser heim frå Askøy med fire medaljar, sterke prestasjonar og eit tydeleg bevis på at dei gule og rød draktene framleis markerer seg. Med heile 32 utøvarar på startstreken var me godt representerte – og innsatsen vart krona med 2 gull, 1 sølv og 1 bronse gjennom helga.

Sprint-sølv til Tinius

Høgdepunktet fredag kom på formelen 1-distansen då Tinius suste inn til delt sølv på 100 meter saman med Jacob Vaula. Med eit sesongbeste på 10,32 var han allereie éin av dei store favorittane, men denne gongen var det Skjalgs Mathias Hove Johansen som kneip gullet. Likevel – sølv til BUL, og ein fantastisk start på meisterskapen!

Gull til Ida-Louise i lengd

Laurdag var det Ida-Louise sin tur til å skina. Etter eit år med personlege rekordar på både 60 m, 100 m og i lengd, stod ho klar til finale i lengd for KS para. Sjølv om hoppene denne gongen var litt bak persen, heldt det til NM-gull – ei flott stadfesting på ein god sesong.

Andrea hindra seg til medalje

Etter ein imponerande sesong med finaleplass i Universiaden og ny pers på 9.55 på 3000 m hinder, kom Andrea til NM med store forhåpningar – og ho innfridde! Ein tøff finale laurdag kveld vart påskjønt med ein bronsemedalje, og BUL kunne jubla endå ein gong.

Andrea på veg mot bronsemedalje på 3000m hinder

Kasper kasta til gull på søndag

Søndag kom den perfekte avslutninga då Kasper, tilbake etter skade, drog fram storforma i spydkast. Med kort tilløp og få konkurransar tidlegare i år var det usikkert kor langt kasta ville gå – men BUL-utøvaren leverte 77,40, ny årsbeste, og sikra gull på spektakulært vis!

Kasper førebur seg til å kasta årsbeste

Personlege rekordar

Det var ikkje berre medaljane som glitra på Askøy – fleire BUL-utøvarar løfta seg til nye høgder med sterke personlege rekordar:

  • Inger forbetra persen sin på 5000 meter frå 17.57 til 17.43 etter eit godt disponert løp.
  • Leon braut endeleg den magiske 47-sekundersgrensen på 400 meter og storma inn på 46,92!
  • I same heat sette Jonas G-M eit solid resultat med tida 49,02. Dermed har han persa med over 3 sekund i år.

Desse prestasjonane viser at BUL-maskineriet verkeleg tikkar i rett retning – medaljar eller ikkje, framgangen er tydeleg i heile troppen.

Heia BUL!