Oslo-skulen på besøk i Nynorskens hus
I januar og februar får alle 6.klassingar i Oslo-skulen tilbod om å bli med på «Møt Nynorsken hus» -ei framsyning i to delar under Den Kulturelle Skulesekken (DKS).
Oppdagingsferd
I januar tar dyktige forteljarar elevane med på vandreteater i Nynorsken hus.
Dei møter mellom anna vikingar med runepinnar, Pesta, Hulda Garborg, Ivar Aasen og kong Karl Johan. I Teatersalen får dei sjølve oppleva å stå i lyset på den flotte scenen. Gjennom teater, forteljing, diskusjon og praktiske oppgåver blir dei betre kjente med den rike språkhistoria i Noreg. Mange blir til dømes svært overraska over at usemje om språk og målformer faktisk kan få folk til å slåst i gatene, som under teaterslaget i 1913. Elevane, og kanskje også lærarane, blir inviterte til å reflektera over språk som identitetsmarkør og kva språk eigentleg betyr for folk. Forhåpentlegvis går både elevar og lærarar ut igjen i 2023 med litt meir kunnskap og nysgjerrigheit om nynorsk og språk enn då dei kom .
Teater på nynorsk
I februar kjem alle klassane tilbake til Nynorskens hus for å sjå teater på nynorsk.
I år er det framsyninga Brumletrollet dei får sjå. Brumletrollet er eit nytt teaterstykke av Sarah Camille Osmundsen, omsett til nynorsk av Jon Werede Hope. I dette stykket møter me ei jente som har eit brumletroll i magen som hindrar henne i å gjera det ho har lyst til. Etter kvart som ho blir eldre, får ho betre kontroll over trollet i magen, men innimellom kjem det tilbake og brummar og er i vegen. Kven er eigentleg dette brumletrollet? Har alle menneske eit slikt troll i magen? Korleis skal me møta eit slikt troll?
Musikk, rørsler og leik er stikkord i denne framsyninga som har skodespelarar frå Den Mangfaldige Scenen i alle roller.
Møt Nynorskens hus
«Møt Nynorsken hus» hadde premiere i 2020, og me rakk akkurat å gjennomføra framsyningane før covid-19 sette samfunnet på pause. Me nytta dei to neste åra godt til å finpussa konseptet, og i 2023 fekk me endeleg ta i mot 6.klassingane igjen.
«Møt Nynorsken hus» vil også bli synt fram i 2024 og 2025.