Årsmøte i Leikarringen 2026
Styret kallar med dette inn til årsmøte i Leikarringen, tysdag 24. februar 2026 kl. 19:00. Det blir ikkje vanleg danseøving denne kvelden med unntak av BULder og brak som har øving som vanleg i Teatersalen.
Stad: Lagsrommet (same inngang frå gata som til Teatersalen), Rosenkrantz» gate 8.
Styret oppmodar medlemmene om å komme på årsmøtet! Ikkje-medlemmer som er interesserte er hjarteleg velkomne, men har ikkje røysterett.
Det er på årsmøtet me bestemmer kva Leikarringen skal drive med i året som kjem, og korleis me skal jobbe. Under saka om Arbeidsplan 2025 blir det lagt opp til ei større innspelsrunde, og me ønskjer innspel på både team for øvingane, kor me skal reise på turar, kva ambisjonsnivå me skal legge oss på m.m.
Etter møtet blir det dans i Teatersalen, og det går rykte om kaker.
Vel møtt!
Sakliste:
- Opning av møtet
- Årsmeldingar
- Rekneskap og balanse 2025
- Arbeidsplan 2026
- Medlemspengar 2027
- Budsjett 2026
- Val
Årsmøtepapir:
Under finn du dokumenta til årsmøtet 2026. Om du har merknader til årsmeldinga eller andre deler av sakspapira ber vi deg sende endringane på e-post til: [email protected].


