BERGENSTUREN 13.-15. OKTOBER
Helga 13.-15. oktober skjer det mykje moro i Bergen, og me tek turen!
Vestlandskappleiken
Me deltek i lagdans med Finnskogspols. Kappleiken går frå fredag kveld til laurdag ettermiddag. Me dansar på laurdagen. Fine og komfortable klede. Leikarringen dekker påmeldingsavgifta.
Les meir om kappleiken her: vestlandskappleiken.no
Jubileumskonsert og dansefest
FolkOrg blei skipa i Bergen i 1923, og feirar 100årsjubileet med stor konsert i Grieghallen med påfølgjande dansefest. Leikarringen dekker inngang til både konsert og dansefest.
Les meir om konserten her: folkorg.no/grieghallen
Overnatting
For dei som ikkje ordnar seg overnatting på anna vis, så har me fått låne lagshytta til Bergen ungdomslag Ervingen. Den ligg ein liten halvtime utanfor sentrum, så me ordnar oss leigebilar (dekka av Leikarringen).
Les meir om hytta her: bergen.ungdomslag.no/eidsholmen
Reise
Alle må sjølv ordne seg reise til og frå Bergen, men me legg til grunn at alle kjem seinast fredag kveld, slik at me er klare til kappleik laurdags morgon.
Det vil vere mogleg å søke om reisestøtte for dei som treng det. Dette kan de gjere rett i påmeldingsskjemaet, eller ved å sende epost til [email protected]. Reisestøtte blir utbetalt i etterkant med mindre noko anna er avtalt.
Påmelding
Alle som vil vere med må melde seg på i skjemaet seinast 12. september (men gjerne i god tid viss du kan).
Det ligg ei forventing om at alle som er med skal vere med å tevle på kappleiken. Om du ikkje ønskjer å tevle, ta kontakt med nokon i styret.