Folkeeventyra – The Musical er ei lettare absurd og humoristisk reise med dei kjende og kjære figurane vi kjenner frå Asbjørnsen og Moe sine eventyr, pakka inn i eit herleg musikalsk univers. Dette kan du oppleve i Teatersalen 13. -19.juni og billettar kan du få kjøpt allereie no.
Asbjørnsen og Moe treng ein bestseljar, og dei treng han no. Kjem dei ikkje snart opp med noko som sel, så er det kroken på døra. På jakt etter inspirasjon og dei verkeleg gode historiene legg dei ut på ei reise og treff Espen Arne. Ein fyr med møkk i trynet og raud hjelm på hovudet, som nettopp har fått eit brev frå kongen.
På sin veg for å samle eventyr, møter Asbjørnsen og Moe Bukkane Bruse og Trollet under brua, Dovregubben, Revtsjenka (Reveenka), Pannekaka – og mange fleire! Men dei oppfører seg kanskje ikkje heeeilt slik vi hugsar dei frå eventyra?
Teaterlaget er eit av fire særlag i Bondungdomslaget. Stifta som Spellaget i 1914 og har sidan då hatt godt over 120 framsyningar og over 500 skodespelarar på scenen, dei fleste i Teatersalen i Rosenrantz´gate 8. I vår har dei kasta seg på ein musikal med stor M og det blir song, dans og eventyr for både store og små.
Velkommen til premiere på Folkeeventyra – The Musical laurdag 13. juni 16.00!

Konsentrasjon på Teaterlaget si øvingshelg i mars 2026. Foto: Terje Svindseth
I rollene
Amalie Dalaker: Forteljar / Askeladdens mor / Ensemble
Endre Flatmo: Asbjørnsen
Fredrik Elfstrand: Moe
Sofie Karlotte Nilsen: Espen Arne (Askeladden) / Ensemble
Emil Stenstad: Dovregubben / Ensemble
Vivian Brattsti Sørensen: Trollet under brua / Ensemble
Marte Sonni Guldvog: Pannekaka / Ensemble
Margrethe K. Overskott: Prinsesse Margrethe / Ensemble
Marie Nicolaisen: Dronninga / Ensemble
Terje Svindseth: Kongen / Ensemble
Anne Cathrine Johansen: Mor til sju skrikarungar / Ensemble
Camilla Hole: Revtsjenka / Ensemble
Håvard Thorsby: Korse / Ensemble
Henri Aasen: Olle Bolle / Ensemble
Runa Jarsve: Trolle-Gunn / Ensemble
Ammar Banewais: Pål / Ensemble
Lena Reksnes Sanne: Per / Ensemble
Silje Dahl: Kjerringa med nasen i stubben / Ensemble
Sunniva Vikøren: Gunnar / Ensemble
Framsyningar:
Laurdag 13. juni, kl. 16:00
Søndag 14. juni, kl. 16:00
Måndag 15. juni, kl.19:00
Onsdag 17. juni, kl.19:00
Fredag 19. juni, kl.19:00
Kunstaleg lag
Regi: Heidi Gunhildberget Einarsrud
Av: Håkon Thorstensen Nielsen
Komponist: Thomas Gunnari Røtting
Musikalsk ansvarleg: Camilla Hole og Heidi Gunhildberget Einarsrud
Koreografi: Heidi Gunhildberget Einarsrud
Lyd og lys: Jøran Normann og Heidi Gunhildberget Einarsrud
Grafisk utforming og program: Eileen Røsholt og Endre Flatmo
Foto: Terje Svindseth
Billettprisar
Vaksne: 200 kroner
Barn/student/honnør: 150 kroner
BUL-medlem: 150 kroner
Billettar kjøpet du på Ticetco eller i døra

