BUL har fått nye heidersmedlemmar!
På årsmøtet i BUL 26. mars 2025, fekk laget fire nye heiderslagsmedlemmar: Gunnvald Grønvik, Terje Svindseth, Kari Bjørke og Tormod Bønes.
For å oppnå status som heiderslagsmedlem, må du oppfylla eitt eller fleire av desse kriteria:
- Har over lenger tid som medlem og/eller tillitsvald lagt ned ein innsats som går langt ut over der vi kan forventa.
- Gjennom verv eller annan innsats bidratt til at laget som heilskap, eit eller fleire av særlaga eller forretningsdrifta har utvikla seg på ein framifrå måte for medlemmane, lagsfellesskapet, omdømmet til laget eller samfunnet generelt.
- Over tid har tatt på seg tillitsverv i fleire delar av organisasjonen.
Gunnvald, Terje, Kari og Tormod er alle menneske som har lagt ned ein ekstra innsats i laget, og me i BUL er veldig takksame for alt de har gjort, og framleis gjer.
Gratulerer med velfortent heider!
Gunnvald Grønvik
Gunnvald kjem frå Oslo og har vore medlem i BUL sidan 1959. Leikarringen er særlaget der Gunnvald kjenner seg heime, men det betyr ikkje at han ikkje tenkjer på heilskapen. Noko av det viktigaste Gunnvald har gjort for BUL, er å ta på seg rolla som leiar i forretningsstyret i 1982, noko som var avgjerande for omdanninga av forretningane i Bøndenes Hus til A/S. Gunnvald skjønner prosjektet BUL veldig godt, og han har ein eigen evne til å sjå korleis laget kan visa seg fram og søka gode samarbeid. Gunnvald er ein sterk strateg, samtidig som han er svært ryddig og prinsipiell, og det er han me kan takka for renteprinsippet laget styrer etter.
Fram til i fjor var Gunnvald styremedlem i lagsstyret. Han har også representert BUL i styret i DMS i mange år.
Terje Svindseth
Terje har vore med i BUL sidan 1998 og kjem frå på Stranda på Sunnmøre. Terje har vore ei uvurderleg kraft for BUL i moderne tid. Teaterlaget er særlaget hans, men Terje har omtanke for heile laget og har i si tid i BUL tatt på seg fleire, tunge tillitsverv. Han var leiar i BUL i til saman 12 år, og er den leiaren som har sete lengst samanhengande i historia til laget. Med Terje som leiar har laget mellom anna vore gjennom tronge økonomiske tider under koronaen, i tillegg til periodar med mykje utskifting på kontoret. I desse periodane har Terje sin kombinasjon av å vera veldig ansvarleg, veldig snill og veldig sterk organisatorisk, vore gull verdt for laget. Terje er «Professor BUL» med oversikt over det meste, og han brenn for at medlemmane skal forstå prosjektet BUL.
Terje har også hatt verv som nestleiar både i BLS og NU og sete i Målpolitisk råd på Det Norske Teatret. I Teaterlaget er Terje aktiv med både teknikk, foto, skodespel og korrekturlesing.
Kari Bjørke
Kari er frå Voss og har vore medlem i BUL sidan 1988. Kari har ikkje hatt tilhald i noko særlag, men som ein sterk jurist har ho til gjengjeld vore ei svært viktig organisatorisk kraft så lenge ho har vore medlem. Kari er eit ja-menneske når det kjem til å vere tillitsvald. Ho har stor arbeidskapasitet og er nesten for ein styregrossist å rekna. Kari har sete i lagsstyret, der ho var leiar frå 1992 til -93, i rådet, der ho enno sit som leiar, kontrollnemnda, styret i forretningane, for å nemna noko på den lange lista. Ho har også hatt fleire tunge og sentrale verv i nærskylde organisasjonar, som til dømes Nynorsk kultursentrum og Det norske samlaget. I 2012 fekk Kari Juristmållagets målpris.
Om det dukkar opp problem i organisasjonen, er ofte Kari den som blir spurt. Det er blitt høyrt: «Å, er det eit Kari Bjørke-problem? Då er det alvorleg!»
Tormod Bønes
Tormod kjem fra Fana og har vore medlem sidan 1969, framfor alt i Idrottslaget. Tormod har halde seg i form langt oppi vaksen alder og har mellom anna deltatt i fleire veteranmeisterskapar utanlands. Men Tormod kan meir enn å springa, og gjennom mange år har han vore heilt avgjerande for Røkleivhytta som leiar av hyttestyret. Den rolla har han framleis, i ein alder av 83 år. Røkleivhytta er ikkje noka ny hytte, og med hyppig utleige, dukkar det stadig opp ting som Tormod ordnar med, og det kan nesten aldri venta særleg lenge.
Tormod er alltid blid og hyggeleg, og ein flott representant for BUL i møte med leigetakarar. Dersom Tormod skulle telt timane han har brukt på stort og smått på Røkleivhytta, hadde vi nok fort komme opp i årsverk.