Bli med på ei  er ei lettare absurd og humoristisk reise med dei kjende og kjære figurane vi kjenner frå Asbjørnsen og Moe sine eventyr, pakka inn i eit herleg musikalsk univers. Velkommen til Folkeeventyra – The Musical.

Asbjørnsen og Moe treng ein bestseljar, og dei treng han no. Kjem dei ikkje snart opp med noko som sel, så er det kroken på døra. På jakt etter inspirasjon og dei verkeleg gode historiene legg dei ut på ei reise og treff Espen Arne. Ein fyr med møkk i trynet og raud hjelm på hovudet, som nettopp har fått eit brev frå kongen.

På sin veg for å samle eventyr, møter Asbjørnsen og Moe Bukkane Bruse og Trollet under brua, Dovregubben, Revtsjenka (Reveenka), Pannekaka – og mange fleire! Men dei oppfører seg kanskje ikkje heeeilt slik vi hugsar dei frå eventyra?

Folkeeventyra – The Musical er ei familieframsyning som er like morosam for både vaksne og barn. Vi gler oss til å ta dykk med på ei eventyrleg reise med song, dans og ein heil bråte med finurlege og morosame karakterar.

Velkommen til Teatersalen til BUL/Nynorskens hus, Rosenkrantz´gate 8.

Framsyningar

Laurdag 13. juni, kl. 16:00
Søndag 14. juni, kl. 16:00
Måndag 15. juni, kl.19:00
Onsdag 17. juni, kl.19:00
Fredag 19. juni, kl.19:00

I rollene

Amalie Dalaker: Forteljar / Askeladdens mor / Ensemble
Endre Flatmo: Asbjørnsen
Fredrik Elfstrand: Moe
Sofie Karlotte Nilsen: Espen Arne (Askeladden) / Ensemble
Emil Stenstad: Dovregubben / Ensemble
Margrethe K. Overskott: Prinsesse Margrethe / Ensemble
Vivian Brattsti Sørensen: Trollet under brua / Ensemble
Marte Sonni Guldvog: Pannekaka / Ensemble
Marie Nicolaisen: Dronninga / Ensemble
Terje Svindseth: Kongen / Ensemble
Anne Cathrine Johansen: Mor til sju skrikarungar / Ensemble
Camilla Hole: Revtsjenka / Ensemble
Håvard Thorsby: Korse / Ensemble
Henri Aasen: Olle Bolle / Ensemble
Runa Jarsve: Trolle-Gunn / Ensemble
Ammar Banewais: Pål / Ensemble
Lena Reksnes Sanne: Per / Ensemble
Silje Dahl: Kjerringa med nasen i stubben / Ensemble
Sunniva Vikøren: Gunnar / Ensemble

Kunstarleg lag

Regi: Heidi Gunhildberget Einarsrud
Av: Håkon Thorstensen Nielsen
Komponist: Thomas Gunnari Røtting

Musikalsk ansvarleg: Camilla Hole og Heidi Gunhildberget Einarsrud
Koreografi: Heidi Gunhildberget Einarsrud
Lyd og lys: Jøran Normann og Heidi Gunhildberget Einarsrud
Grafisk utforming og program: Eileen Røsholt og Endre Flatmo
Foto: Terje Svindseth

Framsyninga er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon og er klarert av Dramas – manus- og rettighetstjenesten for norsk amatørteater.

Praktisk informasjon

Billettprisar

Vaksne: 200 kroner
Barn/student/honnør: 150 kroner
BUL-medlem: 150 kroner

Kjøp billettar på Ticketco

Stad

BUL – Bondeungdomslaget i Oslo, Teatersalen, Nynorskens hus
Rosenkrantz’ gate 8, Oslo