Til alle faste brukarar av Nynorskens hus

Husreglar

Gi alltid beskjed til Lagskontoret om du skal bruka Teatersalen eller Lagsrommet. I tilfelle brann, er det svært viktig at kontoret veit om nokon er på huset.

  • Sett alltid stolar tilbake i stabel.
  • Har du brukt bord, skal du tørka/vaska av dei. Alle bord skal tilbake i stabel.
  • Klutar/papir og spray finn du i skåpet ved miksepulten i Teatersalen.
  • Rydd og vask kjøkkenet på Lagsrommet etter bruk.
  • Alt av tørrvarer/mat i skapa på Lagsrommet må vera uopna eller oppbevart i tett behaldar.
  • Alt av søppel og pant skal i rett dunk.
  • Rømmingsvegar skal alltid vera frie, dei skal aldri vera blokkerte på noko vis.
  • Forlat rommet slik det var då du kom.

Brann

Viss brannalarmen går, skal alle ut av bygget så raskt som mogleg.

  • Bruk nærmaste naudutgang, merkt med grøne skilt.
  • Møteplass er framfor Løplabbet, vis-a-vis Hotell Bondeheimen.
  • Når alle er ute og gjort reie for, skal ein i følget gå inn i resepsjonen til hotellet og informera om at alle er ute.
  • Alle rømmingsvegar skal vera frie, dette er svært viktig.

Avvik/feil

I skjemaet under kan du melda inn til kontoret viss du oppdagar avvik på huset.
Det kan vera til dømes at noko ikkje fungerer som det skal, at noko er øydelagd eller at Teatersalen eller Lagsrommet ikkje var rydda av dei som var der før deg.

Meld inn avvik i Nynorskens hus

Her kan du melda inn avvik til Lagskontoret

Namn(Required)
DD slash MM slash YYYY