Teaterlaget byr på krimkomedie i årets førjulsframsyning.
Året er 1949. Staden er Lillehammer Hotell. Det er snart jul og den vesle norske innlandsbyen skal nyttast som location i ein stor Hollywood-produksjon. I Storhammer møter du eit variert galleri av gjestar og tilsette på hotellet. Alle har noko å skjule, dei er berre ikkje så flinke til det.
Når ein fullstendig ubetydeleg tilsett ved hotellet blir funnen drepen i eit skap, blir Noregs fremste og einaste kvinnelege detektiv, Mona Hauge, sendt opp frå Oslopolitiet for å leie etterforskinga. Detektiv Hauge må bruke alt ho har av intuisjon (både kvinneleg og vanleg) til å løyse gåta og finne mordaren. Vil ho klare det, og forhindre nye drap ved hotellet?
Det blir høg drinkføring, kjappe replikkar, og ikkje minst – mord!
Velkommen til Teatersalen og Nynorskens hus.
Manus og regi: Aila Eckhoff Sinober
Framsyninga varer i omlag 1 time og 20 minutt utan pause.
Eit par karakterar i framsyninga snakkar på engelsk.
Framsyninga er støtta av Kulturdirektoratet og Studieforbundet kultur og tradisjon.
Framsyninga blir spelt av to skodespelargrupper. Under finn du ei oversikt over kven og kva for ei gruppe som spelar dei ulike framsyningane.
Billettprisar:
Vaksne: 200 kroner
Barn/student/honnør: 150 kroner
BUL-medlem: 150 kroner
Stad:
Bondeungdomslaget i Oslo
Teatersalen, Nynorskens hus
Rosenkrantz’ gt 8, Oslo
Framsyningar:
Laurdag 6. desember, kl. 15:00: Gruppe 2
Laurdag 6. desember, kl. 18:00: Gruppe 1
Søndag 7. desember, kl.18:00: Gruppe 1
Måndag 8. desember, kl.19:00: Gruppe 2
Tysdag 9. desember, kl.19:00: Gruppe 2
Onsdag 10. desember, kl.19:00: Gruppe 1
Torsdag 11. desember, kl.19:00: Gruppe 1
Fredag 12. desember, kl.19:00: Gruppe 2
Gruppe 1:
Mona Hauge: Marte Sonni Guldvog
Børre Hansen: Håvard Thorsby
Laila Hoffman: Amalie Dalaker
Fredrik Larsen: Kjell Åsmund Sunde
Morten Voldbakken: Håvard Thorsby
Marna Austrlheim: Anne Cathrine Johansen
Tanja Holmes: Heidi G. Einarsrud
Benny Mildew: Emil Stenstad
Ronnie Stienwein: Henri Aasen
Kari Haugrud: Marie Nicolaisen
Gruppe 2:
Mona Hauge: Marte Sonni Guldvog
Børre Hansen: Fredrik Elfstrand
Laila Hoffman: Silje Dahl
Fredrik Larsen: Endre Flatmo
Morten Voldbakken: Ammar Banewais
Marna Austrlheim: Anne Cathrine Johansen
Tanja Holmes: Sunniva Vikøren
Benny Mildew: Terje Svindseth
Ronnie Stienwein: Henri Aasen
Kari Haugrud: Camilla Hole

