Har du lyst til å vere trenar for denne gjengen?

Du må vere ein sabla dyktig trenar, og du må ha sympatiske trekk for i det heile tatt å bli godkjent av damene (og gutane) på laget. Denne gjengen er ei lita treningsgruppe i handball på 10–12 stk. som møtest kvar onsdag kl. 18.00–19.30.
Du får ansvaret for påmelding og logistikken rundt deltaking i seriespelet. Det er fire helger (to på haust og to på vinter) og går føre deg i og rundt Oslo. Elles reiser dei ofte på dagstur med fotballgruppa på cup i Fredrikstad og Drammen.
Dei deltar også på Vivil-lekene (laurdag–søndag) og Landsturneringen (der er dei på tur fredag til søndag med fotballgjengen. Fly, hotell, fest og handball heile helga)
Du vil ikkje tru kor artig det er.
Og slapp av. Alt av førearbeid og logistikk på desse turane ordnar eg. Din jobb er å få pokalen heim.
Er du eller kjenner du nokon lysten på ei utfordring? Då er dette den perfekte jobben.
Har du i tillegg trenarerfaring eller sjølv meiner du er ein god pedagog? Bra. Det er eit pluss.
Ta kontakt på mail: [email protected] for meir informasjon!