Samlaget
Bondeungdomslaget i Oslo, Vennelaget Samlagsrota og Den mangfaldige Scenen inviterer til forfattarkveld i kjellaren på Kaffistova.
Forfattar Njord V. Svendsen, aktuell med Lausunge. Lappjævel. Ei kjærleikshistorie i samtale med redaktør Cecilie Seiness frå Samlaget. Tema er utanforskap i vår tid og kampen for å kunne vera den ein er.
Ein oktoberkveld i 2004 møtest Bruce og Svenne på ein fest i eit gammalt hamnelager i Tromsø. Sidan har det vore dei to. Ein «lausunge» frå New York, ein «lappjævel» frå Tysfjord. Ein amerikansk lingvist, ein lulesamisk aktivist. Dette er forteljinga om to menneske som brenn for kvarandre, og for å redde eit utryddingstrua språk. Kva kan vi lære av denne forteljinga og kvifor rører denne historia oss sånn?
Kunstnarleg innslag av Inga Johanne Fyhn Nilsen, Den mangfaldige scenen, som også les utdrag frå boka.
Hendinga finn stad i kjellaren på Kaffistova, i Rosenkrantzgate 8.
Det blir sal av bøker og enkel servering.
Arrangørar: Samlagsrota, Målnemnda i Bondeungsdomslaget i Oslo, Bondeungdomslaget i Oslo og Den Mangfaldige scenen.