Teaterlaget i BULStorhammer // Teaterlaget i BUL
Teaterlaget byr på krimkomedie i årets førjulsframsyning.
Året er 1949. Staden er Lillehammer Hotell. Det er snart jul og den vesle norske innlandsbyen skal nyttast som location i ein stor Hollywood-produksjon. I Storhammer møter du eit variert galleri av gjestar og tilsette på hotellet. Alle har noko å skjule, dei er berre ikkje så flinke til det.
Når ein fullstendig ubetydeleg tilsett ved hotellet blir funnen drepen i eit skap, blir Noregs fremste og einaste kvinnelege detektiv, Mona Hauge, sendt opp frå Oslopolitiet for å leie etterforskinga. Detektiv Hauge må bruke alt ho har av intuisjon (både kvinneleg og vanleg) til å løyse gåta og finne mordaren. Vil ho klare det, og forhindre nye drap ved hotellet?
Det blir høg drinkføring, kjappe replikkar, og ikkje minst – mord!
Manus og regi: Aila Eckhoff Sinober
Billettprisar: Vaksne: 200 kroner Barn/student/honnør: 150 kroner BUL-medlem: 150 kroner
Teaterlaget speler med to grupper. Les meir om stykket og kva gruppe som speler når, her.


Songlaget i BUL
Teaterlaget i BUL