
Nysgjerrig på Finnskogpols? Kanskje du ikkje veit kva Finnskogpols er? Då er du hjarteleg velkomen denne tysdagen då Audun Grüner-Hegge skal ha eit grunnkurs i denne dansen med oss. Finnskogpolsen har lange tradisjonar i Leikarringen, og er den me dansar når me deltek i lagdans på Landskappleiken og Oslokappleiken.
Instruktør: Audun Grüner-Hegge
Musikk: Jon Brodal
Det er ope for alle som vil, både om du kan danse frå før, eller om du vil lære det på øvinga!
Meld deg inn i Leikarringen eller betal 50,- for kvar øving.
For å kunne ha god smittesporing registrerer vi alle ved ankomst.
Foto: Thor Hauknes og Sigurd Ytre-Arne