
Instruktørar: Anbjørg Myhra Bergwitz og Audun Grüner-Hegge
Musikar: Hilde Fjerdingøy
Denne tysdagen er vi så heldige og får førebudd oss på dansefest – både lønningspols og ein fest for frivilligheita! Temaet er dermed pols og vi har vore så heldige og fått med oss Anbjørg og Audun som instruktørar denne gongen! Vi dansar pols til fantastisk durspel av Hilde som inspirerer og tar øvinga til nye høgdar!
Det er ope for alle som vil, både om du kan danse pols frå før, eller om du vil lære det på øvinga! Meld deg inn i Leikarringen eller betal 50,- for kvar øving.
For å kunne ha god smittesporing registrerer vi alle ved ankomst.