Lastar Hendingar

« All Events

  • Dette arrangementet er ferdig.

Webinar: Folkedansen i Noreg – Hardingfeledistriktet

27. oktober, 2020 kl. 19:3021:30

Velkomen til ein ny webinarserie med Leikarringen i BUL Oslo. Tre tysdagar utover hausten skipar me til webinar med tema “Folkedansen i Noreg” med våre gode Vegar Vårdal i spissen. Andre webinar har tema “Hardingfeledistrikt” der Vegar tek for seg folkedansen i Noreg innanfor hardingfeledistrikta i landet og forklarer forskjeller og likheiter, syner eksempel og gir oss oppgåver å jobbe med.

Webinaret fungerer som ei øving der ein kan delta åleine i si eiga stove eller lag og lokalmiljø kan delta på webinaret saman ved å treffast fysisk der de vanligvis har øvingar (hugs smittevern). Webinaret er tilgjengelig ei stund på Facebooksida til Leikarringen, så dette kan fint brukast på den ukentlige øvinga dykkar kva dag som passar best.

For Leikarringen i BUL Oslo vil me opne Teatersalen for 20 personar som kan kome å delta på webinaret saman.

Påmelding for å delta digitalt på webinaret er ikkje naudsynt.

Tid: 27. oktober kl. 19:30 ca. 1 1/2 time med undervisning, spørsmål og oppgåver

Stad: Facebooksida til Leikarringen i BUL Oslo

Set gjerne av datoen for det siste webinaret i haust:

  • 24. november: Folkedansens tidsline

Denne øvinga er gratis! Vil du bli medlem av Leikarringen kan du melde deg inn her: https://www.bul.no/leikarringen/blimedlem/ 

Vil du sjå det første webinaret som vart sendt 22. september kan du sjå her

Detaljar

Dato
27. oktober, 2020
Tid:
19:30 – 21:30
Kategori:

Stad

Teatersalen, Nynorskens hus
Rosenkrantz' gate 8
Oslo, Norge
+ Google-kart

Detaljar

Dato
27. oktober, 2020
Tid:
19:30 – 21:30
Kategori:

Stad

Teatersalen, Nynorskens hus
Rosenkrantz' gate 8
Oslo, Norge
+ Google-kart