Treningsgruppar
BVT Voksen
BVT-gruppa har eksistert sidan 1981, og er ei aktivitetsgruppe for personer med utviklingshemmingar. Gruppa har i dag ca. 25 medlemer, som trenar handball og fotball faste dagar i veka.
Gruppa har stort fokus på trivsel og glede, og det sosiale miljøet er ein svært viktig del av dei faste møta. Treningane med BVT gir eit glimrande utgangspunkt både til å halde seg i god fysisk form og få nye vener.
Gjennom året deltek gruppa på stemne rundt i heile landet, blant anna på den populære landsturneringa i handball og fotball. IL i BUL har i ei årrekkje vore arrangør av friidretstemne på Bislett og langrennsrenn for personer med utviklingshemmingar. Dette er svært populære arrangement, der utøvarar frå heile Europa møtast. Her konkurrerar dei i vinteridrett (alpint og langrenn) og friidrett om sommaren.
Ved hjelp av stor dugnadinnsats på velkjende idrettsarrangement, får gruppa inn midlar som gjer at dei kan delta på arrangement, stemne og anna moro. Dugnadar kan til dømes bestå av å servere mat og drikke til takksame mosjonistar og toppidrettsfolk på Oslo Maraton, Sentrumsløpet og Bislett Games.
BVT ønskjer nye medlemer hjarteleg velkomne til morosam idrett, nye venskap og opplevelsesrike turar!
For meir info, ta kontakt med gruppeleiar Kjetil Myklebust; [email protected].
BUL Ung
Idrottslaget i BUL er ein av Noregs mest tradisjonsrike klubbar for personar med utviklingshemjing og var det første fullintegrerte i sitt slag i eit idrettslag i Noreg. Frå før av har gruppa tilbod om handball og fotball for personar frå 16 år og oppover. Vi ønskjer no å gi menneske i alderen 8–15 eit treningstilbod også.
Gruppa for tilrettelagt idrett i BUL ønskjer no nye medlemmer velkomne til eit nytt tilbod for barn og unge (8–15 år) med fokus på leik, utprøving av aktivitetar og idrettar i trygge rammer.
Vi startar opp onsdag 9. september kl. 17.00 ved Kuben VGS. Treningane finn stad i ein av deira gymsalar, Bikuben. Der blir de møtt av tre trenarar med idrettsfagleg bakgrunn og erfaring innan tilrettelagt trening. På bilete er trenarane som tar dykk imot på treningane.
Tid: Onsdagar kl. 17.00–18.00
Stad: Kuben VGS, Kabelgata 10, 0580 Oslo
Kor: I Bikuben (ein av gymsalane på skulen)
For kven: Barn og unge mellom 8 og 15 år med behov for tilrettelagt trening
For meir informasjon og påmelding, kan du ta kontakt med leiar for gruppa, Kjetil Myklebust på e-post: [email protected]