IL i BUL markerte seg under NM i Trondheim

BUL leverte frå start til slutt under hovudmeisterskapet i Trondheim 2026!

Hovudmeisterskapet 2026 er over, og IL i BUL kan sjå tilbake på ei innhaldsrik meisterskapshelg i Trondheim. Med heile 45 utøvarar på startstreken var IL i BUL ein av dei største klubbane i meisterskapen. Innsatsen resulterte i fire individuelle gull-, to sølv- og to bronsemedaljar, samt gull på 1000 meter stafett for menn.

To gull til Ida-Louise

Ida-Louise Øverland tok gull på både 100 og 200 meter para. På 100 meter for para vann ho på tida 12,72, før ho sikra sitt andre gull på 200 meter para med ny personleg rekord på 26,50. 

Per Tinius sikra seg gull og sølv

Per Tinius Fremstad-Waldron leverte ei særs sterk meisterskapshelg. Allereie på opningsdagen løp han inn til NM-gull på 100 meter. Helga vart avslutta med sølv på 200 meter, der han samtidig sette personleg rekord med tida 20,64. Med eitt gull og eitt sølv viste Per Tinius at han høyrer til heilt i toppen av norsk sprint.

Sølv til Philip på 110 meter hekk

Philip Reed leverte ei sterk finale på 110 meter hekk. Med ny personleg rekord på 14,02 sprang han inn til sølv og tok si første individuelle NM-medalje.

Bronse til Moa på 1500 meter

Moa Abounnachat Bollerød tok seg til finalen på 1500 meter, der han sprang inn til bronse på tida 3.38,39 og sikra dermed BUL endå ein medalje.

Bronse til Leon på 400 meter

Leon Douglas sprang inn til bronse på 400 meter med tida 47,52 og sikra BUL endå ein medalje under meisterskapen.

Stafettgull som avslutning

Laurdag fekk BUL den perfekte avslutninga då herrelaget på 1000 meter stafett sprang inn til ein overlegen seier. Laget bestod av Per Tinius Fremstad-Waldron, Christopher Ekene Nordlie, Christian Nicholas Wright og Leon Samuel Douglas, som tok gull med tida 1.52,06.

Kvinnelaget med Sofie Felicia Murai-Ubby, Hannah Rebekah Murai-Ubby, Hannah Reed og Lilje Lopes Pateyleverte også ein solid stafett og blei nummer fire.

Personlege rekordar

Det vart også sett fleire personlege rekordar i løpet av meisterskapen:

  • Per Tinius Fremstad-Waldron – 200 meter (20,64)
  • Philip Reed – 110 meter hekk (14,02)
  • Mads Orø Olsen – 5000 meter (13.56,75)
  • Thomas Viksaas Biermann – lengde (7,21 m)
  • Josh Anthony Bjerke – 200 meter (22,03 i forsøk og 21,82 i semifinale)
  • Christian Nicholas Wright – 200 meter (21,35)
  • Theodore Einar Fremstad-Waldron – 100 meter (11,09) og 200 meter (22,08)
  • Ida-Louise Øverland – 100 meter (12,69) og 200 meter (26,50)
  • Chiamaka Okparaebo Sommerseth – tresteg (12,04 m)

Ei meisterskapshelg å byggje vidare på

NM i Trondheim blei ei flott oppleving både på og utanfor bana. Med ein stor tropp, mange semi- og finaleplassar, fleire personlege rekordar og ni medaljar totalt viste BUL både breidde og kvalitet gjennom heile meisterskapet.

Vi gratulerer alle utøvarar, trenarar og støtteapparat med eit flott NM, og ser fram til neste meisterskap!

Bilde frå meisterskapet

Teken av Vegard Grøtt (Bildbyrån) og Samuel Hafsahl.