Jubileum 2024 – Haust

BUL fyller heile 125 år i 2024, og dette har me markert med jubileumskick-off på Kaffistova,  Jacob Sande-kveld i Teatersalen og hytteturar til Røkleivhytta og Bondehytta. Året er ennå ikkje omme, og me har fleire spennande postar på programmet. Først ute er Natt på BUL:Ungdomsmøte, ei nyskrive teaterframsyning som blir spelt under Oslo Kulturnatt i september.  I oktober inviterer me til ein skikkeleg medlemsfest i Teatersalen og til litterær kveld om Halldis Moren Vesaas. I desember blir det som vanleg julegraut, med ein liten jubileumstvist. Me skal nemleg også ha juleverkstad i Lagsrommet for dei som klør i hobbyfingrane. BUL håper så mange som mogleg tar turen innom på det som skjer i haust!

Natt på BUL 13. september

13. september | Nynorskens hus

«Natt på BUL: Ungdomsmøte» er ei lettbeint teaterframsyning som losar publikum gjennom 125 år med Bondeungdomslaget i Oslo, på 30 minutt. Bygdekultur på beste Oslo-vis. Har du aldri vore på eit ungdomsmøte før? Då har du sjansen nå! Kanskje lærer du noko også? Du får i alle fall trimma smilebandet. Sjekk hendinga på Oslo Kulturnatt si heimeside.

Me set opp tre framsyningar 13. september:
Kl. 19:00 Kl. 20:00 Kl. 21:00

Dørene er opne frå kl 18:30

Skodespelarar: Medlemmar i BUL og utøvarar frå Den mangfaldige scenen (DMS)

Tekst og regi: Mari Elise Haugen og Maria Ellingsen Austbø

Velkommen til Teatersalen i Rosenkrantz» gate 8!

Påmelding:

Du kan gjerne tinga plass her for å vere sikker på at du får plass på framsyninga. Det er også mogleg å møta i døra.

Hurra for BUL 12. oktober

12. oktober | Nynorskens hus

BUL feirar seg sjølv med middag, kake og kulturelle innslag i Teatersalen. Dei påmelde betalar ein liten sum sjølve, BUL dekker resten av kalaset. Feiringa er berre for medlemmar.

Alt ligg til rette for ein veldig kjekk kveld der me kan mimra, bli kjent og eta god mat.

Me opnar dørene klokka 18:00. Middag frå klokka 19:30 og klokka 23:00 seier me takk for denne gong.

Ta gjerne på deg bunad, om du har, eller noko anna du synst er fint.

Påmelding: Vipps 100 kroner til BUL Oslo (Vipps-nummer 15700). Vel vara Hurra for BUL 12.10. slik at me veit det gjeld festen. Dersom du ikkje har Vipps kan du kontakta oss på [email protected].

Frivillig BUL-jubileum

Me treng frivillige som kan bli med og arrangera jubileum! Kva kan du bidra med?

    Me tar kontakt med dei som melder seg for nærmare avtale.
  • Har du tankar om spesifikke ting du vil bidra med? Eller andre kommentarar til oss?

Andre arrangement

30. oktober: Halldis Moren Vesaas | Nynorskens hus

I april feira me at det er 95 år sidan Jakob Sande debuterte, her i Teatersalen til BUL. Halldis Moren Vesaas debuterte samtidig som Jakob Sande og me tenker det er passande at også ho blir heidra med ein litterær kveld. I april var det fullt hus og me håper Halldis Moren Vesaas-kvelden blir like flott. Arrangementet er i samarbeid med Den magnfaldige scenen, Vinje-senteret, Noregs mållag m.fl.

Les meir her. Kjøp billett på TicketCo.

11. desember: Julegraut med juleverkstad | Nynorskens hus

Kvart år arrangerer BUL julegraut og me pleier å ha over 100 påmelde medlemmar. I samband med jubileet skal me i år gjera litt meir utav denne kvelden og ha juleverkstad på Lagsrommet. Me håper dette fører til at både barn og vaksne får utforska heile huset og blir litt betre kjende med kvarandre.

(Meir info kjem.)