Julegraut 11. desember

BUL inviterer til julegraut med juleverkstad onsdag den 11. desember.

Dørene og juleverkstaden opnar kl. 17.00 og vi et graut i Teatersalen om lag kl. 18.00. Juleverkstad er nytt i år og vi legg opp til at du kan lage noko fint både før og etter grauten. I tillegg satsar vi på at det blir ein quiz og kanskje besøk av nissen? Programmet er ferdig kl. 19.30 og juleverkstaden stenger kl. 20.00.

Hendinga er gratis, men du må melde deg på for å delta. Alle BUL-medlemer er invitert, så dersom det blir stor pågang stengjer vi påmelding når det er fullt. Ver rask viss du vil sikre deg plass.

NB! Det blir ikkje friidrettstrening for barn fødde 2011–2019 på Bislett denne dagen. Dei av dykk som er påmeldt julegrauten, kan møte direkte i Nynorskens hus frå kl. 17.00. Det er også mogleg å møte opp på Martinius Lørdals plass (der Louises gate og Sofies gate kryssast) kl. 16.45 for å gå saman til julegrauten.

Påmelding