Julegraut 2022
Vi i BUL inviterer til julegraut onsdag den 14. desember kl. 17.30–19.30 i Nynorskens hus, Rosenkrantz` gate 8. Det blir servert graut og saft og vi satsar på fullt hus, god mat, quiz og julestemning.
Hendinga er gratis og du kan melde deg på under.
Alle BUL-medlemer er invitert, så dersom det blir stor pågang stengjer vi påmelding når det er fullt. Ver rask viss du vil sikre deg plass.
NB! Det blir ikkje friidrettstrening for fødde 2009–2017 på Bislett denne dagen. Dei av dykk som er påmeldt julegrauten, kan møte direkte i Nynorskens hus kl. 17.30. Det er også mogleg å møte opp på Martinius Lørdals plass (der Louises gate og Sofies gate kryssast) kl. 17.00 for å gå saman til julegrauten.
Påmelding
I skrivande stund er det berre 1 dag igjen og vi har no stengt påmeldinga, då det er stor pågang og vi må bestilla graut frå Kaffistova. Ta kontakt på [email protected] viss du har veldig lyst til å bli med, så kan vi sjå om det er mogleg.