Julegraut og juleverkstad

, , ,

Tradisjon tru inviterer vi til julegraut og i år er datoen onsdag 16. desember.

Også i år håpar vi å få til juleverkstad med enkle aktiviteter i Lagsromet i kjellaren. Det blir også quiz og kanskje kjem nissen på besøk.

Dørene opnar 17:30, og der blir servering av graut ca 18:00. Programmet er ferdig ca 19:30

Alle BUL medlemmer er inviterte og arrangementet er gratis, men du må melde deg på i skjemaet under. Er det stor pågang vil vi stenge påmeldinga. Meld deg difor på i god tid!

OBS: Det blir ikkje friidrettstrening for fødde 2014–2021 på Bislett denne dagen. Dei av dykk som er påmeldt julegrauten, kan møte direkte i Nynorskens hus (Rosenkrantz’ gate 8)  kl. 17.30.Det kan også vera at nokre av trenarane går samla med dei barna som ynskjer det fra Bislett (Martinius Lørdals plass) kl. 17.00. Det vil det i så fall bli gjeve nærare beskjed om på Spond.